Fotball

Joachim Magnussen ordna tre poeng for Hødd

Eit sveltefôra Hødd greidde med nød og neppe å tre ta etterlengta poeng på heimebane.

Joachim Magnussen sørga for tre poeng til Hødd.
  • Tarjei Engeset Ofstad

Joachim Magnussen skaut en lav ball frå venstre ned mot høgre stolpe. Spissmakker Robin Shroot kunne pirka borti, men han lot ballen gå inn av seg sjølv via stonga, og inn i mål. Dette var første gong at dei begge starta. Mot slutten av kampen pressa Ull/Kisa noko valdsamt, og Jan Lennart Urke bør få mykje av æra for at tre poeng vart berga.

Rett i angrep frå start

Hødd starta kampen med å gå rett i angrep. Eit kjapt hjørnespark vart tatt av Ulland Andersen før det første minuttet var gått. Det var av den korte varianten, Ulland Andersen fekk ballen tilbake og slo inn i feltet. Hødd fekk ikkje nytta sjansen.

To lag som ville, men ikkje fekk utnytta sjansar, det var første omgang i eit nøtteskal. Ull/Kisas Jesper Andreasson fekk mykje rom å boltre seg i. Ved fleire høve fekk han relativt god tid til å legge inn og å skyte. I det 12. minutt fyra han av eit farleg langskot, som gjekk via ein Hødd-spelar til innkast. I det 20. minutt slo Hødd tilbake, Ulland Andersen skaut langs bakken, ballen strauk stonga. Hødd-trenar Hans Erik Eriksen var særs muntleg aktiv heilt frå start. Han kommanderte laget til å tørre å stå høgt på bana.

Ull/Kisa dominerte slutten av kampen

I det 60. minutt var Ull/Kisa særs nær. Krogstad avslutta, men Urke fikk hanskane på ballen. Der fekk nok mange med blå og kvite skjerf hjartet i halsen. Det er typisk dette, at når eit lag scorar, så svarar motstandaren, medan det scorande laget er i målrusørska.

Heilt på sluten av kampen var Shroot heilt aleine med keeper Hagerup, men greidde ikkje å lure han. Hødd klarte så å stå i mot hardt press dei fire tilleggsminnuta.

Les mer om

  1. Fotball 1. div
  2. Hødd