Fotball

«Aurs» vil ha revansje: – Vi bør slå AaFK for å henge med i gullkampen

Fredrik Aursnes (21) er tent framfor laurdagens fogderioppgjer, men ikkje fordi det er Aalesund som står på motsett halvdel.

TRIVEST I MOLDE: I yngre år vart Fredrik Aursnes rekna som ein heimekjær kar. No har Aursnes budd eitt og eit halvt år i Molde – og trivest svært godt der oppe. – Mange av spelarane her er frå andre plassar i landet, så vi brukar å møtest for å finne på forskjellige ting på fritida. Miljøet er veldig fint, fortel Fredrik. Eirik Nesset Hjelvik

Aalesund er ekstra spesielt for ein som var Hødd-spelar i fire år. Men Fredrik Aursnes vedgår at det i liten grad opptek han.

– Då eg var yngre og spelte på Hareid var det sjølvsagt litt stas å møte Aalesund, sidan dei var den største klubben på Sunnmøre. Frå åra i Hødd hugsar eg at det var nokre få personar der som var ekstra tende framfor kampane mot Aalesund. Men for dei fleste trur eg ikkje det hadde så mykje å seie, fortel Aursnes.

Les hele saken med abonnement