Fotball

Nest-Sotra knuste opprykkshåpet til Hødd

Etter 3-2-siger til Nest-Sotra over Hødd på Ågotnes sadion er truleg alt håp om direkte opprykk til Tippeligaen ute for Ulsteinvik-laget.

Hødd og Sindre Eid tapte på Sotra.
  • Vebjørn Bjørkås

Det blei ein heilsvart dag for Hødd i borteoppgjeret mot Nest-Sotra. I kampen dei måtte vinne for å henge med i opprykkskampen, stemte svært lite, og Nest-Sotra tok ein svært fortent siger mot blåtrøyene frå Ulsteinvik.

Den første halvdelen av 1. omgang på Ågotnes stadion var sjansefattig og utan tempo. Heimelaget brukte lang tid på alt av dødballar, og opninga var prega av mykje duellar og lange ballar frå begge lag.

Les også

«Nye» Nest holder liv i håpet om ny 1.-divisjonskontrakt

Michael Karlsen stod for det som blei Hødds første sjanse då han kom til ei avslutning på bakre stolpe etter eit frispark frå Fredrik Aursnes midt på Nest-Sotra sin halvdel. Men ei god redning frå Nest-Sotra-keeper Øystein Øvretveit hindra Hødd-spissen i å sette inn sitt tredje for sesongen.

Nokre minuttar etterpå var Magnus Myklebust frampå med eit forsøk nede ved stolperota, men utan trøkk i avslutninga blei det ei enkel oppgåve for Øvretveit.

Banka til med draumescoring

Men då halve omgangen var passert, small det frå heimelaget. Mjøndalen-utleigde Alagie Sosseh fekk ballen frå Kristoffer Zachariassen midt på Hødds halvdel, sette fart mot Hødd-målet og banka til frå rundt 25 meter. Ballen for som eit prosjektil opp i krysset bak ein sjanselaus Aslak Falch i Hødd-buret.

Ei fantastisk scoring av Nest-Sotra-angriparen, i det som til no hadde vore ein svært lite underhaldande og

Walberg nære på å auke

Og etter scoringa kopla heimelaget eit grep om kampen. Først var det Nest-Sotra-kaptein Max Bjørsvik som var farleg frampå på eit innlegg på bakre stolpe. Headinga frå forsvararen gjekk via eit Hødd-hovud og like utanfor.

På det påfølgande hjørnesparket var det forsvarsmakker og Mats Walberg sin tur til å avslutte. Han fekk stå ganske aleine inne i Hødd-forsvaret, og med ei god heading small ballen rett i tverrliggaren og over. Og nærare ei dobling av leiinga enn det kom ikkje Nest-Sotra i den første omgangen.

Les også

Eirik Ulland Andersen ikkje med for Hødd

Utlikna med klassemål

Med eitt minutt igjen av første omgang, då det såg ut som Hødd skulle gå til pause med 0-1, kom utlikninga frå blåtrøyene. Eit fantastisk Hødd-angrep blei sett i må av Torbjørn Kallevåg, som kontrollert og iskaldt gjorde alt riktig då Myklebust serverte midtbanespelaren føre mål.

Målet kom etter at Vegard Heltne slo inn mot Myklebust inne i feltet. Han hoppa over og blei i staden spelt gjennom på førstetouchen av Karlsen. Aleine med keeper spelte Myklebust uselvisk over til Kallevåg, som venta av både keeper og ein forsvarar før han sette ballen i mål.

Gjekk offensivt ut

Hødd gjekk rett ut frå startblokka i den andre omgangen, og kom til ein kjempesjanse ved Myklebust før minutt var spelt. Hødd-kanten utnytta svakt forsvarsspel av heimelaget, og var plutseleg aleine gjennom i Nest-Sotra-feltet. Avslutninga gjekk diverre for Hødd via hanskane til Øvretveit og på utsida av stolpen.

Men det var Nest-Sotra som nok ein gong skulle gå opp i leiinga på Ågotnes stadion. Etter ein corner ti minutt ut i omgangen fekk Jone Rugland gå uforstyrra opp på ein corner og enkelt heade ballen inn i mål bak ein utspelt Falch i Hødd-målet. Ei scoring som nok burde vore avverga om Falch hadde vore på plass ute i feltet og plukka ballen før Rugland fekk avslutte.

Og berre minuttar etter 2-1-målet, kom 3-1 for heimelaget. Og nok ein gong var det etter ein dødball. Denne gongen var det Rugland som var servitør då han kasta eit innkast langt inn i feltet. Ballen datt ned til Mads Nielsen som tok ballen med seg på førstetouchen før han banka ballen i mål på halv volley.

Aursnes-mål gav håp

Hødd sleit med å skape press på Nest-Sotra utover i omgangen, og det var heller heimelaget som var nærare 4-1 enn Hødd ei redusering. Men med fem minutt igjen av omgangen slo Fredrik Aursnes eit innlegg inn i feltet som gjekk gjennom og forbi alt og alle og rett inn i mål.

Men det store Hødd-presset for ei utlikning uteblei sjølv om det blei lagt til fem minutt på slutten av kampen. Med det er nok alt av håp om direkte opprykk ute for Hødd, som må reise heim til Ulsteinvik og prøve å sikre playoff-plassen i løpet av dei siste serierundane.

Med siger til Nest-Sotra held dei liv i håpet om å behalde plassen i 1. divisjon også neste sesongen.

Les også

Statistikken som forundrar Hødd-sjefen: - Hadde eg berre visst det

Les mer om

  1. Fotball 1. div
  2. Nest-Sotra
  3. Hødd