Fotball

Hødd-kapteinen etter 0-4 mot Levanger: - Det tyngste eg har vore med på

Hødd-forsvaret såg ut som smågutespelarar mot Levanger søndag. Hødd-kaptein Jesper Törnqvist tek tapet mot Levanger svært tungt.

  • Vebjørn Bjørkås

HØDD — LEVANGER 0-4

–Det er forferdeleg. Det er det tyngste eg har vore med på, seier Törnqvist tilsmp.noetter kampen.

Han var spesielt skuffa over korleis Hødd fall saman då Levanger fekk sitt andre mål like etter pause.

– Eg føler eigentleg at me er godt med i første omgang sjølv om me ligg under 1-0. Me skapar mange sjansar og spelar bra fotball. Så kjem me ut i 2. omgang og får ei scoring imot veldig tidleg, og det ser litt ut som me mistar trua på det, seier han og held fram:

– Sjølv om det er 2-0 burde me jobba på og prøve å skape sjansar. Eg synest det er trist å sjå at me blir slik me blir etter 2-0. Då er det fortsatt mykje tid igjen av kampen, seier han.

TRØNDERSK SEIER: Levanger gjorde kort prosess med Hødd. Foto: Marius Simensen/Digitalsport

Fjerde gongen i år

Dagens 0-4-tap er ikkje det første av sitt slag for Hødd denne sesongen. I fjerde serierunde blei det også 0-4-tap mot Bærum på bortebane. I cupen rauk Ulsteinvik-laget ut mot Mjøndalen etter eit nytt 0-4-tap. Berre veker før cupsmellen blei dei blåkledde sendt heim frå bortekampen mot Ranheim med 1-4-tap i bagasjen.

Törnqvist meiner dei ikkje er gode nok på å nullstille i desse situasjonane.

–Sånn som i dag synest eg me i alle fall er på høgde med dei i første omgang. Til tider spelar me dei ut. Men me er ikkje flinke nok til å nullstille og gjere dei riktige tinga. Me lurer oss sjølv og opnar oss for mykje opp, så smell det to gongar til. Det er tungt akkurat no. Me er ganske langt nede her, seier han.

Visste kva som kom

Saman med Steffen Moltu i midtforsvaret til Hødd måtte han sjå Levanger-angriparane Bendik Bye og Benjamin Stokke nærast leike med dei to rutinerte midtstopparane i samfulle 90 minutt søndag kveld.

Törnqvist seiar han ikkje var overraska over nivået på dei to spissane, og fortel at dei var førebudd på kva som venta dei.

–Det er eit godt spisspar. Dei har duellstyrke og er samstundes gode i bakrommet. Dei skapte mykje trøbbel for oss i dag, erkjenner finnen.

–For ustabile for opprykk

Med dagens tap er det no fire poeng opp til Sandnes Ulf på den andre direkte oppryksplassen i OBOS-ligaen. Rogalendingane har samstundes ein kamp mindre spelt, og møter Kristiansund på bortebane i morgon.

Neste måndag reiser Hødd til Sandnes for å spele toppkamp mot serietoaren.

Vil kampen mot Sandnes Ulf neste måndag vera avgjerande for om Hødd blir å kjempe om direkte opprykk?

–Me må slutta å tenka på slike ting. Me er alt for ustabile til at me skal kunne snakke om noko direkte opprykk. Slik me presterer no med desse «toppane og dalane», så er me ikkje gode nok for det akkurat no. Me må finne tilbake til det stabile spelet der me plukkar poeng jamnt. Då kan me snakka om tabellen. Akkurat no må me berre jobbe steinhardt for å bli så stabile som mogeleg, sluttar han.

Les også

  1. Hødd avkledd av Levanger på heimebane

  2. Nest-Sotra vant i Skåleviks fravær

  3. Pedersen: - Vi gjør det vanskelig for oss selv

  4. Gaute Larsen: - Vi må skjønne alvoret nå

Les mer om

  1. Fotball 1. div
  2. Hødd
  3. Levanger FK