Fotball

Hatakka startar mot Mjøndalen

22 år gamle Dani Hatakka, frå Brann, får sin første kamp frå start.

Dani Hatakka skal spille for Hødd i høst.
  • Tarjei Engeset Ofstad
  • Målservice: Følg kampen direkte her

Finske Hatakka har spelt på aldersbestemte landslag for Finland – frå U15 til U21. No får han prøve seg frå start. Han skal spele høgreback, ved sidan av Wembangomo og Moltu i midtforsvaret. Steinar Lein har flytta Joakim Wrele opp som midtbaneanker.

Les også

Karl Oskar Fjørtoft reagerer på psykolog-spørsmål: - Tullar du?

Elias Flø med på benken

16 år gamle Elias Flø er hovudsakeleg midtbane, men kan også nyttast som stoppar. Han er ein lokal gut som har gått gradane i Hødd. No er han for første gong med i kamptroppen til A-laget. Bendik Torset og Sonde Beite er ute med lettare skader.

Slik startar Hødd:

Urke – Aasbak, Wembangomo, Moltu, Hatakka – Kallevåg, Wrele (K), Sjølstad – Sereba, Shroot Magnussen

Benken: Alme, Törnqvist, Rise, Vestvatn, Breivik, Beite, Flø.

Hødd med fire heimesigrar på rad

Mjøndalen ligg nøyaktig midt på tabellen, på åttandeplass. Hødd klamrar seg så vidt over nedrykksplassane, som nummer tolv.Med sine 32 poeng har Mjøndalen åtte poeng meir enn Hødd som har 24. Mjøndalen har vunne sine to siste bortekampar.Hødd har på si side vunne dei fire siste heimekampane sine (!). Både Åsane, Ranheim, Kristiansund og Levanger har måtta reise slukøra heim frå Ulsteinvik i sommar.

Ny spiss scora på 15 sekund

Amahl Pellegrino hadde to målgivande og eitt mål, då Mjøndalen slo Hødd 3-0 på Isachsen-stadion. Den tidlegare LSK-spelaren Pellegrino er topscoraren på laget, med seks mål. Det er tre færre mål enn Robin Shroot, som er dei blåkvite sin topscorar. Berre eitt mål har Pellegrino scora, sidan laga spelte 30. juni.

Nyerverva Thomas Sørum, er derimot ein mann Wrele og dei andre verkeleg kan frykte: han nytta 15 sekund på å score sitt debutmål, i førre runde. I andre omgang scora han mål nummer to, i kampen mot Sandefjord, som enda 2-2. Sørum startar på benken mot Hødd.

Verdt å vite om Mjøndalen IF:

  • Henta nyleg storscorar Thomas Sørum, frå Drammen-nabo Strømsgodset
  • Den argaste rivalen er nettopp Godset – dit Eirik Ulland Andersen nyleg gjekk
  • I 2013 møtte klubben Hødd til eliteserie-kvalik og vann, men røyk seinare ut
  • I 2015 spelte Mjøndalen på øvste, norske nivå for første gong sidan 1992
  • Laget vart nest sist i eliteserien, og rykka ned til førstedivisjon saman med Sandefjord

Mjøndalen (4-4-2) Makani – Arneberg, Solberg, Sell, Hansen – Pellegrino, Gauseth, Lindseth, Fuhre – Midtgarden, Boye.

Les mer om

  1. Fotball 1. div
  2. Hødd