Fotball

Hødd hekta seg på i opprykkskampen

To draumescoringar på to minutt i den første omgangen gav Hødd ein imponerande 2-0-siger mot Sandnes Ulf på bortebane.

  • Vebjørn Bjørkås

Eit revansjelystent Hødd-lag reiste seg skikkeleg etter heimesmellen mot Levanger, og vann fullt fortent 2-0 mot Sandnes Ulf måndag kveld. To vanvittige mål i den første omgangen gjorde at Hødd no er tilbake i kampen om dei direkte opprykksplassane i OBOS-ligaen.

Men det starta svært så roleg på Sandnes stadion. Tempoet i kampen var lågt og begge lag sleit med å få ballen ned på bakken og få etablert noko særleg spel. Kampens første avslutning var det Hødd-spsiss Michael Karlsen som stod for, då han banka til på halv volley frå rundt 20 meter etter vel to minutts spel.

Hødd kunne juble to ganger i første omgang. Foto: Kristian Jacobsen

Men avslutning blei for svak, og Sandnes Ulf-keeper Ingvar Jonsson måtte ikkje slite veldig for å halde ballen i fast grep nede ved stolpen.Heimelaget måtte vente lenger på sin første sjanse, men då kvarteret var spelt kom Marius Helle seg fint ned til dødlinja og fekk til eit bra innlegg inn i feltet. Der venta Ulf-kaptein Aksel Berget Skjølsvik, som med eit slags «sykkelspark» sette Aslak Falch i Hødd-målet på ein liten prøve. Men også Hødd-målvakta hadde ein enkel jobb med å avverge.

To vanvittige Hødd-minutt

Utover i omgangen tok heimelaget meir over banespelet, sjølv om dei store sjanse uteblei frå både Sandnes Ul og Hødd. Like før halvtimen fekk Ulland Andersen forsøke seg på eit frispark frå 20 minutt. Ballen sneia tverrliggar før den gjekk over Ulf-målet.

Men då Ole Amund Sveen, for dagen høgreback hos Hødd, sette på turboen og finstilte skotfoten etter 32 minutt, var 1-0 eit faktum.

Etter å ha kombinert fint med Magnus Myklebust på Sandnes Ulf sin halvdel, rykka Sveen frå heile Ulf-forsvaret då han nærma seg 16-meteren, og banka til då han kom seg inn i feltet. Ulf-målvakt Jonsson kunne ikkje anna gjera enn å stå å sjå ballen suse rett opp i krysset til ei fantastisk 1-0-scoring til bortelaget.

Og to minutt etter var det Magnus Myklebust sin tur til å trylle for Ulsteinvik-laget. Etter eit vakkert gjennomspel av Karlsen var plutseleg Eirik Ulland Andersen heilt aleine med Sandnes Ulf-målet. Keeper Jonsson tok ein sjanse, og kom ut på rundt 30-40 meter for å takle Ulland Andersen. Det lukkast han med, men diverre for heimelaget datt ballen rett til Myklebust.

Frå 40-50 meter sendte Myklebust ballen i ein vakker boge over Ulf-forsvaret og inn i det opne målet, til ellevill juble blant Hødd-spelarane og på Hødd-benken.

Etter 2-0-scoringa sette heimelaget inn eit intensivt press på Hødd, og bere uflaks og marginar imot gjorde at Hødd kunne gå til pause med 2-0-leiing. Både Kent Håvard Eriksen, og Aksel Berget Skjølsvik ved tre anledningar, var nære på å redusere for Sandnes Ulf. Men ein god Falch i Hødd-målet fekk avverga det som kom før pause.

Annullert scoring

Etter presset frå Sandnes Ulf utover i første omgang, kom Hødd meir med i kampen igjen i opningsminuttane av andre omgang, og kom raskt til ein svært bra sjanse ved Ulland Andersen. Hødds toppscorar drog seg fint innover frå sin venstrekant og banka til frå rundt 20 meter. Ballen hadde retning nettet, men ein god inngripen av Jonsson i Ulf-målet avverga at Hødd fekk punktere kampen tidleg 2. omgang.

Og på den påfølgjande corneren trudde Joakim Wrele og resten av Hødd-laget at dei hadde gjort nettopp det, då svensken stanga ballen i mål på hjørnesparket. Men assistentdommaren ville det annleis, og meinte at Myklebust, som stod plassert ved keeper, hadde vore for aktiv inne i feltet.

Men Hødd sleppte seg ikkje ned av den grunn. Berre minuttar seinare var Ulland Andersen centimetrar frå å komme aleine med eit ope Sandnes Ulf-mål, men ei vellukka utrusing frå Jonsson hindra Ulland Andersen i å sette sitt ellevte seriemål for året.

Botnsolid andreomgang

Der Sandnes Ulf tok meir over i den første omgangen, og styrte det meste frå 25-30 minutt, tok Hødd veldig over i den andre omgangen, og køyrde kampen stort sett i alle av dei siste 45 minuttane. Heimelaget hadde nokre få forsøk, men klarte aldri å sette skikkeleg trykk på Hødd før heilt på tampen av kampen.

Nærast redusering var det spissen Kent Håvard Eriksen som kom då han plutseleg var aleine med Falch med fem minutt igjen av kampen. Men Hødd-keeperen, som leverte ein svært god kamp på sin gamle heimebane, kom raskt ut og fekk avverga til hjørnespark.

Hødd var aldri truga å miste sigeren, og blir med sigeren i kveld berre det andre laget som slår Sandnes Ulf på deira heimebane. No skil det berre eitt poeng mellom Hødd og Sandnes Ulf i toppen av divisjonen.

Les også

Gjer fire utskiftingar på Hødd-laget

Les mer om

  1. Fotball 1. div
  2. Sandnes Ulf
  3. Hødd