Fotball

Torset skada - Ulland Andersen ned på midtbanen

Eirik Ulland Andersen erstattar Dybdal Torset på midtbanen, medan Sereba spelar ving.

Eirik Ulland Andersen erstattar Dybdal Torset på midtbanen.
  • Tarjei Engeset Ofstad

Steinar Lein endrar lite på startellevaren som slo serieleiar Kristiansund i førre runde. Einaste skiftet skuldast at Torset har vore skada. Ulland Andersen får prøve seg i ei rolla han sjeldant opptrer i, som venstre midtbane. Sereba går inn i angrepstrioen.

I følgje hodd.no har minst 15 personar frå Blåsarane, Hødd sin supporterklubb, tatt turen til Gjemselund stadion. Kongsvinger ligg på femteplass på tabellen med 27 poeng. Hødd er nummer elleve, med 21 poeng. Det er med andre ord lite som skiljar laga i førstedivisjon. Det ser vi også av Hødd sin førre kamp: då slo dei blåkvite serieleiar Kristiansund 1-0 på Høddvoll. Hødd har ikkje tapt sidan 30. juni.

Kongsvinger på si side slo tabelltoar Sandefjord 3-1 borte i førre runde. Det er altså to lag inne i ein god periode som barkar saman i denne 19. runda. Kongsvinger er faktisk laget med flest mål av alle i årets førstedivisjon (!). Klubben skriv på si facebookside at dei har ei overrasking til publikum: I pausen skal dei presenterer ein ny spelar, med Champions League-erfaring.

Verdt å vite om Kongsvinger IL Toppfotball:

  • Har scora 34 mål i år, noko som er flest av alle laga i førstedivisjon
  • Spelar i ein 4-4-2 diamantformasjon
  • Dei har sluppe inn 26 mål, akkurat like mange som Hødd
  • Klubbens toppscorar så langt i år er bergensaren Mats Moldskred med 9 mål
  • Sist laget spelte i eliteserien var i 2009
  • Kongsvinger rykka opp frå andredivisjon i 2015

Hødd (4-3-3) Jan Lennart Urke — Christoffer Aasbak, Steffen Moltu, Karl Joakim Wrele (K), Hugues Wembangomo - Eirik Ulland Andersen, Torbjørn Kallevåg, Øystein Vestvatn –Didrik Sereba, Robin Shroot, Joachim Magnussen.

Benken: Ole-Monrad Alme, Jesper Tørnqvist, Vegard Heltne, Martin Mork Breivik, Sondre Sandnes Beite.

Kongsvinger (4-4-2): Otto Fredrikson - Fredrik Mani Pålerud, Adrian Lillebekk Ovlien, Markus Skjellum Nyambwogi, Kirill Suslov - Johan Vennberg, Antonio Nieves Martin, Harald Holter Ørjan Røyrane - Adem Güven (K) Mats Søvik Moldskred

Benken:Daniel Mederos Rojas, Jørgen Richardsen, Emile Noe Dadjo, Martin Skjelbreid Ellingsen, Simen Stølen.

Les mer om

  1. Fotball 1. div