Fotball

Mjelde sitt Åsane byrjar å ta form

Tre nye signeringar og tre sigrar er fasit etter starten på 2017. Snart ventar tøffare motstand for Åsane.

IKKJE NAIVE: Åsane-trenar Mons Ivar Mjelde ynskjer å byggja vidare på det som har vore bra i Åsane. – Eg vonar å stå for ein offensiv fotball utan å vera naive, seier Mjelde.

Ny keeper, midtbanespelar og spiss er allereie på plass. Om Åsane får det som dei vil, blir også forsvarsrekkja styrkja i nær framtid.

– Me legg ikkje skjul på at me ønskjer oss Branns Fredrik Heggland. Me er i tett dialog med spelaren og klubben, og vonar det løyser seg fortast mogeleg, seier sportsleg leiar Trond Bjørndal.

Les hele saken med abonnement