Fotball

Hødd-spelar aktuell for Kristiansund: – Han passar vår profil

Daniel Eid (21) kan bli den neste Hødd-spelaren som tek steget opp til Eliteserien.

Hødd-spelar Daniel Eid er aktuell for KBK.
  • Kristian Stenerud

Eid har vore ein av dei mest sentrale spelarane Hødd-spelarane dei siste sesongane. Det har også andre klubbar på eit høgare nivå lagt merke til, som Sunnmørsposten har skrive om tidlegare. Ein av dei klubbane er Kristiansund. I førre veke var Eid på besøk i eliteserieklubben.

– Eg var der et par dagar for å trene og sjå på forholda. Det var bra forhold der oppe, kjekke folk og det var fint å få prøve seg på et par økter. Eg følte eg tok nivået bra, seier Eid til Sunnmørsposten.

Les også

  1. Hødd-spiller og islending på AaFK-trening

  2. AaFK-spiller tvinges til å legge opp - 27 år gammel

Kontrakt ut neste år

21-åringen har framleis eitt år igjen av kontrakta med 2. divisjonsklubben, men han legg ikkje skjul på at det er eit mål å prøve seg på eit høgare nivå.

– Det er kjekt å få moglegheita til å vurdere den interessa som er der, så får vi sjå kva det blir til tilslutt. Det er også spennande å sjå kva som skjer vidare i Hødd. Eg er ein Hødd-mann og det vil alltid vere klubben min, seier Eid.

– Det er fleire klubbar som er interessert?

– Ja, seier han, utan å ville gå meir konkret inn på kva det betyr.

Sportsleg leiar i Kristiansund, Kenneth Leren, seier dette om kva dei tenkjer om Hødd-spelaren:

– Vi har fått med oss at han har prestert godt for Hødd, og han spelar i ein posisjon vi vurderer å forsterke oss i inn mot neste sesong. Han er ein ung spelar som er svolten og ambisiøs, så han passar vår profil, seier Leren.

Hødd har hatt ein rekkje spelarar som har teke steget opp i eliteserien dei siste sesongane. No er Eid aktuell for Kristiansund og Bendik Rise trenar med AaFK denne veka. Begge har kontraktar med Hødd i eitt år til.

– Naturleg

– Vi i Hødd er stolte av eksporten vi har hatt til eliteserien, og at det er interesse rundt våre spelarar no. Bendik har hatt ein fin sesong og hatt ei god utvikling, så det er naturleg at AaFK ser på han. Daniel har også gjort det bra og det er kjekt at han har fått sjansen i KBK. Det er bra for vårt omdøme at klubbar på eit høgare nivå ser på dei, seier Hødd-trenar Sander Håskjold Nyland.

– Er det interesse rundt andre Hødd-spelarar?

– Det er først og fremst desse to det er interesse rundt, seier Nyland.

Eliteserien

SVUTMP
1Lillestrøm86201751220
2Viking96211871120
3Molde8512158716
4Strømsgodset84131111013
5Bodø/Glimt7331159612
  • Champions League-kvalifisering
  • Conference League-kvalifisering
  • Nedrykkskvalifisering
  • Nedrykk

Les mer om

  1. Hødd
  2. Aalesunds FK
  3. Kristiansund BK
  4. Eliteserien