Fotball

Innbytar Myklebust blei Hødd-helten

Hødd sleit lenge med å snu kampen mot Arendal, men då Magnus Myklebust kom inn ordna han siger.

Magnus Myklebust scorer her sitt første av to mål mot Arendal.

– Det er alltid like kjekt å bli matchvinnar. Det er lenge sidan eg har scora to mål i ein seriekamp for A-laget, seier Magnus Myklebust til Sunnmørsposten.

Det var bortelaget Arendal som var det beste laget før pause på Høddvoll. Dei tok leiinga etter 25 minutt då Jens Skogmo fekk slått et innlegg inn på bakre stolpe. Der dukka Rasmus Christensen opp og scora enkelt for Arendal.

Les hele saken med abonnement