Fotball

Poengdeling for Hødd

Hødd klarte aldri å sette trykk på Jerv på heimebane, og det enda 0-0 i ein sjansefattig kamp mellom dei to 1. divisjonslaga på Høddvoll.

MÅLLAUST: Hødd-trenar Sindre Eid. Foto: Staale Wattø

  • Vebjørn Bjørkås

HØDD — JERV 0-0

Før ti minutt var spelt kunne ein notere kampens første sjanse, då Hødds svenske midtbanespelar, Joakim Wrele, kom først på eit frispark frå Fredrik Aursnes. Innlegget var godt slått i farleg området inne i Jerv-feltet, men frå fem meter blei headinga til Wrele for svak og ballen gjekk like over Jerv-målet.

Lind farleg frampå

Like før kvarteret var spelt kunne Jervs toppscorar Andreas Lind gitt bortelaget leiinga. Etter eit godt angrep der Grimstad-laget rulla fint opp langs venstresida, fekk kantspelar Steinar Berås etter kvart slått inn til ein umarkert Lind som kom møtande på første stolpe.

Avslutninga til Lind var god med venstrefoten, men ei fantastisk beinparade av Aslak Falch i Hødd-målet hindra at gultrøyene gjekk opp i ei tidleg leiing i kampen.

Sjansefattig

Og 20 minutt seinare måtte Jerv-spissen seie takk for seg. Den målkåte sørlendingen fekk seg ein trøkk i ein duell i første del av kampen, og inn kom Joachim Edvardsen til sin andre kamp denne sesongen.

Etter byttet datt Jerv litt nedpå, og inviterte Hødd meir inn i kampen. Heimlaget hadde slite i første del av omgangen, og fekk ikkje låne kula mykje av bortelaget. Men sjølv om ballinnehavet auka for Ulsteinvik-laget, mangla det på presisjonen frå blåtrøyene.

Heimelaget kom til eit par innlegg på høgresida ved Jonas Ingebrigtsen, men som regel var det litt for langt og upresist for å treffe hovudet til spydspiss Michael Karlsen, i det som ein kan kalle ein keisam og tafatt førsteomgang frå heimelaget.

Tverrliggar x2

Andreomgangen starta friskare enn den første, og allereie i opningsminuttane av andreomgangen hadde laga kvar sitt forsøk i tverrliggaren. Først var det Jerv som før to minutt var spelt fekk sjansen frå corner. Ein smart variant gjorde at det bortelaget fekk chippa ballen inn på bakre stolpe, der ein umarkert Jerv-spelar fekk heade i tverrliggaren til Hødd før ballen gjekk over mål.

Like etter var det Hødd og Christoffer Aasbak som fekk sjansen frå eit hjørnespark. Corneren frå venstrebacken gjekk rett i tverrliggaren til Jerv og over mål.

Etter dette roa det seg veldig på Høddvoll, og laga sleit med å skape særleg med målsjansar.

Kallevåg kunne avgjort

Men med rundt 20 minutt igjen av kampen fekk Hødd sin største sjanse i oppgjeret. Etter ei fin kontring kom Ingebrigtsen seg fri på høgresida og fekk lagt presist inn i Jerv-feltet. Der hadde Torbjørn Kallevåg kom seg fri frå si markering, og fekk avslutta på direkten frå innlegget. Men diverre for Hødd og Kallevåg var avslutninga for dårleg, og ballen gjekk like over mål.

Ebba ut i 0-0

Sjølv om både Joachim Magnussen og Magnus Myklebust fekk innhopp i andreomgangen for Hødd, ville det seg ikkje heilt for heimelaget i denne kampen. Dei gongane Hødd kom seg opp i farleg posisjon offensivt var den siste og avgjerande ballen som regel for dårleg.

Sjølv om heimelaget klarte å få eit lite press på Jerv mot slutten av kampen, fekk dei aldri den avgjerande ballen i mål, og kampen ebba ut i eit keisamt i 0-0 mellom to jamngode lag.

  1. Les også

    Orlov-hattrick sørget for etterlengtet Brann-seier mot Ranheim

Les mer om

  1. Fotball 1. div
  2. Hødd
  3. FK Jerv

Flere artikler

  1. FOTBALL
    Publisert:

    Hødd gjekk på sitt første heimetap på 14 rundar

  2. FOTBALL
    Publisert:

    Hødd sendte Brann heim i skam

  3. FOTBALL
    Publisert:

    Hødd sløste vekk sigeren mot Ranheim

  4. FOTBALL
    Publisert:

    Hødd mista sigeren i sluttminutta

  5. FOTBALL
    Publisert:

    «Den heimvende sonen» avgjorde for Hødd

  6. FOTBALL
    Publisert:

    Bærum feia Hødd av banen