Fotball

Hødd tabba seg ut: - Årsverste

Hødd-back Vegard Heltne var ikkje nådig med karakteristikken av laget og sin eigen prestasjon etter stortapet mot Follo.

svp://101511?view=bt
  • Vebjørn Bjørkås

Hødd var aldri i nærleik av å få med seg poeng frå borteoppgjeret med Follo i 1. divisjon søndag. Etter ein katastrofal førsteomgang, der det stod 3-0 til Follo etter 24 spelte minutt, var det i praksis over og ut for Ulsteinvik-laget før det hadde begynt.

Vegard Heltne, som har fått mykje tillit av Hødd-trenar Sindre Eid den siste tida, meiner dagens kamp var årsverste for dei blåkledde.

– Ja, det kan fort vera det. Me har hatt eit par andre slike kampar i år, men denne er nok blant dei, ja, seier Heltne til smp.no etter kampen.

– Det mest skuffande ein kan oppleve som trenar

hodd.jpg

Heltne meiner laget ikkje var «på» frå start i dagens kamp, og at heile innstillinga var feil.– Me er rett og slett ikkje på. Det handlar om å springe, krige, og det mangla me i førsteomgang i dag. Det blei betre i andre omgang, men det hjelp lite, dessverre, seier han.

Sindre Eid var svært skuffa etter prestasjonen søndag kveld, og såg tidleg at laget ikkje var «på», slik Heltne beskriv.

– Det er ikkje tvil om at me ikkje er det i dag. Me er langt ifrå, og det er veldig overraskande og skuffande. Eg ser ikkje noko openbar grunn til at det skal vera slik, og det skuffar meg. Skal du vinne på dette nivået, går det ikkje an å gjera ting 90 prosent. Du må vera på, det er me ikkje i dag, diverre, seier Hødd-sjefen til smp.no.

Heltne.jpg

Han seier at denne typen prestasjonar er det mest skuffande ein kan oppleve som fotballtrenar.– Det er det mest skuffande ein opplever som fotballtrenar. Det er greit å tape der motstandaren er betre, men å tape når me ikkje er der me skal vera sjølv, er svært skuffande. Det ansvar sit hos både spelarane og hos trenarane, seier han.

– Hjerneblødning

Heltne har brukt første del av sesongen til å kjempa seg tilbake frå skade og inn på Hødd-laget. Etter å ha debutert frå start i år i den sterke bortesigeren mot Jerv, har han etter kvart teke venstrebackplassen frå Christoffer Aasbak. I dei tre sigrane mot Jerv, Sandnes Ulf og Bryne har han leverte solide kampar.

I dag var han i likheit med resten av Hødd-laget langt under pari.

– Veldig skuffande for min eigen del. Etter tre svært gode kampar, var det dårleg i dag, seier han.

På 3-0-målet til Follo var det ein stygg personleg feil frå Heltne om gjorde at Akinbola Akinyemi kunne banke ballen forbi Aslak Falch i Hødd-målet.

– Ja, det er ei «hjerneblødning», rett og slett. Eg skal berre klarere ballen ut over sidelinja, så det var krise, seier han.

Blir for mykje prega av baklengsmåla

Like etter målet til Akinyemi måtte Hødd-kaptein Jesper Törnqvist ta ei samling med heile laget ute på grasmatta.

– Det eg sa var at det var masse tid igjen og at me måtte fortsette å jobbe og vera tålmodig. At ikkje alle skulle framover og prøve å ordne det aleine. Me sa at me måtte dra i lag, alle måtte trekke i same retning, fortel ein skuffa Hødd-kaptein til smp.no.

Han trur dei mange stygge smellane i årets sesong kan ha noko med det unge Hødd-laget å gjera.

– Det går på at me er fortsatt er eit ungt lag. Det er ikkje mange som har vore i desse situasjonane før, og me blir me kanskje litt for mykje prega av mål som kjem imot, seier han.

Også Heltne meiner tidlege mål imot er eit stort problem, og fortel at dei er svært klar over det sjølv.

– Av ein eller annan grunn så slit me når me ligg under, og er ekstremt gode når me leiar 1-0. Det er noko me har sett over lengre tid, og eg veit ikkje kvifor det skjer igjen. Me blir kanskje litt for utålmodige, og prøver å få utlikninga med ein gong, sjølv om det er 85 min igjen, seier backen.

No har Hødd-laget ei dryg veke til å finne ut av problema før opprykksjagande Songdal kjem til Høddvoll for ein ny, tøff kamp for Hødd-laget.

Slik var kampen:

Les også

  1. Hødd rundspelt etter alle kunstens reglar

  2. Karlsen startar på topp for Hødd

svp://101511?view=bt

Les mer om

  1. Fotball 1. div
  2. Follo FK
  3. Hødd