Fotball

Shroot frå start for Hødd

Robin Shroot snudde kampen for Hødd med sitt innhopp i andre omgang mot Brann sist helg. No får han tillit frå start i kvalik-kampen mot Jerv.

ELITESERIEDRØM: Hødd møter Kristiansund i neste kvalikrunde med siger mot Jerv. Foto: NTB Scanpix

  • Vebjørn Bjørkås

Etter ein fantastisk snuoperasjon av Ulsteinvik-laget på Brann stadion i siste serierunde, klatra Hødd opp til 4. plass på 1. divisjons-tabellen. Det gav heimekamp mot årets store overrasking i 1. divisjon, Jerv, i kvalifiseringa til Tippeligaen. No er det vinn eller forsvinn for Hødd.

Vinnaren møter Kristiansund

Hødd er faktisk det einaste laget Jerv ikkje har scora mot i serien i år. I kampen i Grimstad i haust vann Hødd 1-0 etter scoring av Michael Karlsen. I heimekampen på Høddvoll blei det 0-0 mellom dagens motstandarar.

Tidlegare i dag spelte Kristiansund og Ranheim kamp den første kvalik-kampen på Kristiansund stadion. Det enda med 1-0-siger til heimelaget, noko som betyr at det blir fylkes-oppgjer i neste kvail-runde om Hødd slår Jerv i dag.

Gjer to endringar på laget

Tidlegare i veka blei det klart at Vegard Heltne må stå over dagens kamp grunna skade. Inn på venstrebacken kjem mannen som spelte der heile vårsesongen, Christoffer Aasbak.

Offensivt gir Hødd-trenar Sindre Eid belønning til Robin Shroot for sitt gode innhopp i kampen mot Brann. Nord-iren var på mange måtar mannen som snudde det heile med si utlikning, og var også svært delaktig i 2-1-målet til Eirik Ulland Andersen like etter.

Sist Shroot starta for Hødd var i bortekampen mot Bryne 30. august, der Hødd vann 2-0. Han tek plass på topp for Ulsteinvik-laget i dag. På kantane får han med seg Magnus Myklebust og Ulland Andersen. Det betyr at Ole Amund Sveen går ned igjen som indreløpar, og Torbjørn Kallevåg blir plassert på benken.

Les også

DIREKTE: Hødd og Jerv kjemper om opprykk til eliteserien

Hødd (4-3-3): Aslak Falch – Jonas Ingebrigtsen, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Christoffer Aasbak – Ole Amund Sveen, Joakim Wrele, Fredrik Aursnes – Magnus Myklebust, Robin Shroot, Eirik Ulland Andersen

Benken: Ole-Monrad Alme, Erik Sandal, Joachim Magnussen, Michael Karlsen, Torbjørn Kallevåg, Bendik Torset, Sondre Beite

Jerv (4-5-1): Øyvind Knutsen – Nils Petter Andersen, Glenn Andersen, Espen Knudsen, Henrik Robstad – Christoffer Myhre, Jan Jenssen, Andreas Hagen, Dennis Antwi, Ohi Omoijuanfo – Alexander Lind

Benken: Jostein Aaland, Dejan Corovic, Christopher MacConnacher, Joachim Edvardsen, Steinar Berås, Kristoffer Tønnesen, Tobias Collett

Les mer om

  1. Fotball 1. div
  2. Hødd