Fotball

Ulland: – Starten på ein opptur

– Dette kan vere starten på ein etterlengta opptur, seier matchvinnar Eirik Ulland Andersen.

Hødd kunne juble for tre viktige poeng hjemme mot Raufoss.
  • Tarjei Engeset Ofstad

I kveld klarte Hødd å vinne ein kamp som var Hødd-dominert, men samstundes open heilt til overtida var ute. Hødd hadde 15 skot totalt, Raufoss 10. På slutten av kampen fekk Hødd det siste av sine 13 hjørnespark. Etter ein kort variant la like godt Ulland Andersen ballen i nettet frå spiss vinkel.

– Eg har vore litt opp og ned. Det var godt å kjenne på ei scoring i kveld, seier Ulland Andersen.

Les også

Sjanserik kamp endte med Hødd-siger

Beite fekk ros i garderoben

Først i det 71. minutt kom dei første byttene i kampen, då av den doble typen.

Ut gjekk Fredrik Sjølstad og Didrik Sereba. Inn kom Bendik Dybdal Torset og Sondre Sandnes Beite.

– Eg fekk høyre av ein Hødd-tilhengar at Sondre Beite berre måtte få sjansen i dag, fortel Eriksen.

Og det fekk han.

– Avtalen var at Beite skulle få komme inn mellom kvart over sju og halv åtte, seier trenaren med glimt i auget.

20 åringen fekk sine 20 aller første liga-minutt for sesongen. Han vågde å gå innover mot 16-meteren med ball og tilførte Hødd frisk angrepskraft.

Etter kampen tok det tid før han kom seg ut av garderoben for å snakke med Sunnmørsposten. Han måtte nemleg ta i mot skryt frå dei andre spelarane først.

– Dei sa: «ekstremt bra spelt» og «når du får sjansar så er du der», fortel ein nøgd unggut.

Han ønskjer sjølvsagt å få meir speletid. Som dei fleste andre fotballspelarar veit han kva resepten er: å gjere det bra på trening.

– Forløysande

Hans Erik Eriksen trur Hødd endeleg no er i ferd med å finne vinnarform.

– Sigeren mot Raufoss gir ein forløysande effekt, seier han.

Eriksen meiner at Hødd stort sett var betre enn Raufoss, utanom dei første ti minutta.

Les også

Hødd i poengnød: Viker ikke en tomme

Hødd skapte flest sjansar, men med litt uflaks kunne kampen ha snudd lynraskt. Keeper Jan-Lennart Urke hadde fleire matchvinnande redningar. På overtid måtte han bykse så lang han var, og pirke ballen bak eigen tverrliggar.

– Vi sliter både med å forsvare oss og å drive oppover banen, utan å la motstandaren sleppe til, seier Eriksen.

Trenaren måtte tenkje ekstra nøye gjennom startelleveren framom Raufoss-kampen.

Hugues «Ygg» Wembangomo var ute med tre gule kort og Magnus Myklebust er langtidsskada. Dessutan glimra profilen Joachim Magnussen med sitt fråvær – ikkje berre frå startelleveren, men heile troppen.

– Hadde vi satt innpå Joachim i dag, kunne det ha forverra skaden has, seier Eriksen.

Magnussen har ein vond legg. Han er venta å vere kampklar til den komande heimekampen mot KFUM 12. juni.

Med tre poeng i skreppa klatrar Hødd opp til ein 12. plass på tabellen. Dermed er laget ifrå Ulsteinvik så vidt over med nedrykkstreken etter 11. runde i 1. divisjon. Fredrikstad og Jerv har ein kamp mindre spelt enn alle dei andre laga.

Les også

  1. Hødd-trenar Eriksen: – Deilig, men utilstrekkeleg

  2. Blåsarane har framleis trua på Hødd

Les mer om

  1. Fotball 1. div
  2. Hødd
  3. Raufoss Fotball