Steinar Lein: - Godt å bryte bortebarrieren
Hødd tok sitt første poeng på bortebane i år. Steinar Lein meiner Hødd spelte godt nok til at også tre poeng ville ha vore vel fortent.
KFUM OSLO — HØDD 1-1
– Dette er eit stort steg i riktig retning, seier Hødd-trenar Steinar Lein. Han viser til at dette var Hødd sitt aller første poeng på bortebane i år, etter sju tap.
Å ta poeng på bortebane er i følgje Lein nøkkelen til å overleve i førstedivisjon.
Hødd tok poeng borte
Oppgjeret på KFUM Arena var frå ein meir nøytralt ståstad ein ganske tam førestelling for publikum. Tempoet var temmeleg lågt i førsteomgang, men kom seg noko i siste halvdel.
– Etter ein litt tam opning i førsteomgang vart vi berre betre og betre, seier Lein. Han meiner at Hødd styrte kampen, noko som ga utslag i 8-2 i målsjansar. Han skryt av laget sin disiplin.
– Vi nekta dei å skape noko som helst, seier ein trenar som rett og slett høyrast stolt ut.
KFUM gjekk opp til 1-0 ved Emil Ekblom tidleg i kampen, etter at Ole Monrad Alme slapp retur i feltet, etter eit langskot. Robin Shroot kunne ha putta eit hardt innlegg langs bakken frå Joachim Magnussen. Shroot var ikkje aggressiv nok i den situasjonen. Til gjengjeld scora han i ein liknande situasjon litt ute i andre omgang. Hugues Wembangomo la den målgjevande pasninga.
Urke med streptokoppar i kroppen
Førstekeeper Jan-Lennart har slitt med streptokoppar i halsen den siste veka. Difor starta Ole Monrad Alme. Steinar Lein synest 19-åringen gjorde ein god jobb, og legg til:
– Han hadde jo eigentleg ikkje så mykje å gjere, for det var vi som styrte spelet.
Dersom noko hadde skjedd med Alme i løpet i kampen hadde Hødd ikkje hatt keeper å sette innpå. Tredjekeepar Sivert Pieroth er nemleg skada. Om Hødd måtte ha bytta innpå ein utespelar, hadde det blitt spelande assistenttrenar Jesper Törnqvist, røpar Lein.
– Gutta hadde ikkje trengt noko treningsprogram
No tek alle laga i førstedivisjon sommarferie. Lein har gitt soldatane sine ti dagar fri. Jesper Törnqvist har lagt opp indviudelle treningsprogram til spelarane.
– Disse gutta er så ambisiøse og treningsvillige, at det sikkert ikkje er naudsynt, men vi gjer det likevel, seier Lein.
Han tilrår spelarane å kvile hovudet, men halde kroppen i form med litt fysisk trening, gjerne utan ball.
Neste Hødd-kamp er 2. august mot sjølvaste serieleiaren, nordmørske Kristiansund BK.