Fotball

Slik startar Hødd i Leins første kamp

Torbjørn Kallevåg startar i angrepstrioen for første gong i år.

Steinar Lein (t.h.) overtar midlertidig som Hødd-trener. Har gjør endringer til sin første kamp.
  • Tarjei Engeset Ofstad

23 år gamle Kallevåg er eigentleg midtbanespeIar, men entrer banen som ving for dei blåkvite. Det er eit av dei aller første grepa Steinar Lein gjer som Hødd-trenar. Hans Erik Eriksen og Hødd «avslutta samarbeidet» som det var å lese på nettstaden til klubben. Dette var torsdag ettermiddag. Eriksen fekk altså sparken i Hødd, på godt norsk.

– Det er ikkje til å leggje skjul på at min filosofi er litt meir direkte enn «Hansi» sin. Eg vil nok prøve å stramme litt inn der, sa Steinar Lein til smp.no, søndag.

Lein ser på resten av sesongen som ein kamp for å berge plassen. For førebels ligg Hødd på ein 14. plass. Det tydar nedrykk, då dei 13-16. plass rykkar ned. Dette er den 14. og nest siste runda før laga i førstedivisjon tek sommarferie.

  • Følg kampen direkte her!

Hødd vann stort førre oppgjer på Høddvoll

Åsane ligg på ein femteplass i serien. Brann sin lillebror står med ein kamp mindre spelt enn tabelleiarane frå Nordmøre Kristiansund BK, og toar Sandefjord. Midtbanespelar Vegard Leikvoll Moberg, forsvarsspelar Martin Ueland og målvakt Erik Østgaard har spelt samlege kampar frå start for Åsane. Seks andre spelarar har starta ti kamper eller meir. Med andre ord er dette eit lag med meir kontinuitet enn Hødd. Åsane slo Hødd 2-0 då laga møttast i august 2015, på Myrdal Gress. Hødd vann derimot heile 4-0 på Høddvoll i 16.mai-kampen same år.

«Ygg» er tilbake

Forsvarsbautaen Hugues «Ygg» Wembangomo er tilbake etter skade, og vil truleg forsterke laget. Eirik Ulland Andersen er ute ein ekstra kamp og spelar ikkje. Det er fordi han klappa nært oppi fjeset til fjerdedommaren og kalte han ting som ikkje egnar seg korkje på nett eller trykk, på veg til garderoben etter at han vart utvist mot KFUM.

Les også

  1. Hødd-treneren fikk sparken - føler at ledelsen var for utålmodige

  2. Eriksen er ferdig som Hødd-trenar

Slik startar Hødd:

Hødd (4-3-3): Jan-Lennart Urke – Steffen Moltu, Christoffer Aasbak, Hugues Wembangomo Erik Skaasheim – Karl Joakim Wrele (K), Bendik Dybdal Torset, Fredrik Sjølstad –Robin Shroot, Joachim Magnussen, Torbjørn Kallevåg

Benken: Ole-Monrad Alme, Jesper Tørnqvist, Øystein Vestvatn, Sondre Sandnes Beite, Michael Karlsen, Bendik Rise, Didrik Sereba.

Dommar: Christian Moen, Løvenstad FK

(Åsane si lagoppstilling vart ikkje korrekt oppgitt av klubben før kamp)

Les mer om

  1. Fotball 1. div
  2. Hødd