Fotball

Tidlegare Hødd-leiar langa ut mot «Ålesundsmafiaen» på medlemsmøte

Tidlegare leiar i Hødd Fotball, og no leiar i kontrollkomiteen i IL Hødd, Yrjar Garshol, slo til mot det han kalla «Ålesundsmafiaen» (les: Sunnmørsposten) i eit flammande innlegg på Hødd sitt medlemsmøte onsdag.

Tidlegare Hødd-leiar Yrjar Garshol er glad i klubben sin, og likar slett ikkje at klubben sitt indre liv har vorte bretta ut i Sunnmørsposten den siste tida. På medlemsmøtet sist onsdag tordna han ut at «Hødd ikkje skal la seg styre av Ålesundsmafiaen», ei utsegn han no seier ikkje var så hardt meint som det var sagt. Men Garshol refsar både Sunnmørsposten og Hødd-leiinga

Garshol sa mellom anna at «Hødd ikkje skal la seg styre av Ålesundsmafiaen», med klar henvisning til dei mange artiklene i avisa dei siste månadene om leiarstrid og økonomiske problem i klubben.

– Kvifor nytta du uttrykket «Ålesundsmafiaen» på medlemsmøtet, Garshol? Ser du på Sunnmørsposten som ein ålesundsbasert mafia?

Les hele saken med abonnement