Fotball

Nevstad tek ikkje av: – No må vi alle saman halde trykket oppe framover

Den 12. serierunden, den fyrste etter ferien, var god for Hødd. Som spratt opp frå 3.- til 1. plass på tabellen i 2. divisjon avd. 2, og no kan sjå ned på alle konkurrentane.

Skeid, som var i teten heilt frå start av i vår, tapte 1-2 borte mot Bryne, medan KFUM Oslo spelte 2-2 heime mot Vålerenga 2. Og når Hødd sjølve tok seg av Kjelsås i Oslo (2-0), førte det til at Hødd brått er aleine i toppen, to poeng føre Skeid og KFUM. Med Kjelsås poenget bak dei to andre Oslo-laga.

Og i haust må alle desse tre konkurrentane frå Oslo ta turen til Høddvoll. Det gler dei seg ikkje til!

Les hele saken med abonnement