Fotball

Får ikkje sjansen mot gamle lagkameratar

Både Robin Shroot og Michael Karlsen startar på benken mot Sogndal.

Stortrives: Robin Shroot stortrivdes i Ulsteinvik og i Hødd i fjor. Han er veldig glad for å være tilbake i klubben hvor han fant tilbake kjærligheten til fotballen. Foto: Jan Henrik Djupvik

  • Vebjørn Bjørkås
  • Følg kampen nederst og chat med vår journalist!

Robin Shroot blei henta tilbake til Hødd tidlegare denne sommaren, som eit viktig ledd i oprrykksjakta for Ulsteinvik-laget. Men den nord-irske spissen har ikkje klart å finne tilbake til forma frå fjorårssesongen, og står framleis utan scoring etter returen til Hødd.

Etter å ha starta på topp i 2-0-sigeren over Bryne på heimebane, var han på benken då Hødd tapte 3-0 mot Follo på Ski stadion runden etter. Og heller ikkje til dagens kamp mot sine gamle lagkameratar i Sogndal får Shroot tillit frå start for dei blåkledde.

Solid serieleiing

Tidlegare i år blei bortekampen i Sogndal brukt til å avslutte ei tapsrekke for Hødd på tre kampar på rad då dei klarte uavgjort 1-1 på Fosshaugane Campus. Den gongen spelte Shroot frå start for sogningane, og var mannen som gav kvittrøyene leiinga 1-0. Utanom poengdelinga mot Hødd på heimebane, har Songdal nærast sett uslåelege ut i årets 1. divisjon. Før kveldens kamp er det seks poeng ned til Kristiansund på 2. plass, og Sogndal kan med siger mot Hødd nærast sikre opprykket til Tippeligaen.

Ingebrigtsen inne igjen

Joachim Magnussen er mannen som tar spissplassen til Hødd til kveldens toppkamp mot Sogndal. På høgrebacken er Jonas Ingebrigtsen tilbake, etter tre kampar ute av laget.

Midtstopparen Darnel Situ, som var den andre signeringa Hødd gjorde i sommarvindauge, er no skadefri, og med i kamptroppen for første gong etter overgangen.

Slik starter lagene:

Hødd (4-3-3-): Aslak Falch – Jonas Ingebrigtsen, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Vegard Heltne — Ole Amund Sveen, Joakim Wrele, Fredrik Aursnes – Magnus Myklebust, Joachim Magnussen, Eirik Ulland Andersen

Benken: Ole-Monrad Alme, Christoffer Aasbak, Darnel Situ, Michael Karlsen, Torbjørn Kallevåg, Robin Shroot, Sondre Beite

Sogndal (4-4-2): Mathias Dyngeland – Taijo Teniste, Bjørn Inge Utvik, Hannu Patronen, Christophe Rene – Rune Bolseth, Thomas Drage, Petter Strand, Babacar Sarr – Mahatma Otoo, Kristian Fardal Opseth

Les mer om

  1. Fotball 1. div