Fotball

Ulland Andersen spelar spiss

Mot Ranheim får Ulland Andersen ei ny rolle – for å score mål.

Eirik Ulland Andersen er tilbake for Hødd.
  • Tarjei Engeset Ofstad

Etter å ha vore utestengt i to kampar var Eirik Ulland Andersen tilbake i førre runde, til glede for klubben og supporterane. Han har ein frykta fot, særleg på daudballar. Han har utelukkande spelt ving fram til denne sekstande serierunda.

Eirik Skaasheim har starta alle dei femten serierundane. Mot Ranheim skal kraftkaren Hugues Wembangomo gjere jobben hans. Kva type skade Skaasheim har pådratt seg er førebels ukjent. 23 år gamle Skaasheim frå Balestrand er ein del av ein ganske tynn stamme spelarar som har starta alle seriekampana i år.

Dei øvrige er Jan-Lennart Urke, Joakim Wrele og Fredrik Sjølstad.

Hødd IL (4-3-3): Jan-Lennart Urke – Christoffer Aasbak, Steffen Moltu , Karl Joakim Wrele (K) Hugues Wembangomo – Torbjørn Kallevåg, Bendik Dybdal Torset, Fredrik Sjølstad Didrik Sereba, Ulland Andersen, Joachim Magnussen.

Benken: Ole-Monrad Alme, Jesper Tørnqvist, Øystein Vestvatn, Sondre Sandnes Beite, Michael Karlsen, Bendik Rise, Didrik Sereba. Martin Mork Breivik.

Ranheim IL (4-3-3): Even Barli – Aslak Fonn Witry, Karl Morten Eek, Are Tronseth, Aleksander Foosnæs – Simen Råen Sandemæl, Daniel Kvande, Mads Reginiussen – Torgil Øwre Gjertsen, Kim Ove Norum Riksvold, Robert Stene

Benken: Preben Øien, Eirik Holmivk Malmo, Magnus Blakstad , Thobias Kvam Navelsaker, Georg Flatgård

Verdt å vite om Ranheim:

  • Ligg som nummer 10 på tabellen, med seks poeng meir enn Hødd.
  • Den tidlegare Hødd-profilen Pål Andre Helland var på utlån til Ranheim frå Rosenborg, to år før han kom til Hødd.
  • I 2014 overraska Ranheim med å slå ut Rosenborg i tredje runde i cupen, på overtid.
  • Kapteinen, 34 år gamle Are Tronseth har spelt i ein rekke norske toppklubbar, mellam anna Rosenborg, HamKam og Fredrikstad.
  • Tore Reginiussen sin bror Mads Reginiussen spelar indreløpar
  • Då Hødd reiste til Ranheim tidligare i år endte det med tap 2-1 etter at Didrik Sereba scora Hødd sitt mål. Heimekampen mot Ranheim endte 1-1 i fjor.

Følg Hødd-Ranheim her!

Les mer om

  1. Fotball 1. div
  2. Hødd
  3. Ranheim IL