Sport

Kristian (27) blei best i verda. No skal OL-vinnaren prøva på noko ingen menneske har greidd før.

Etter å ha tatt OL-gullet han drøymde om, har Kristian Blummenfelt tatt ein kalkulert risiko og satsar på noko ganske anna i staden.

Kristian Blummenfelt er årets idrettsnamn i Bergens Tidende.

Kristian Blummenfelt står fram som 76 kilo med kroppsleg perfeksjon der han spankulerer langs bassengkanten på ADO Arena. 27-åringen frå Loddefjord er ikkje noko mindre enn ei maskin, i stand til nær umenneskelege ting.

Det viste han då han sprang frå alle i Tokyo-OL og vart olympisk meister i triatlon. Då verdsmeistertittelen var i boks nokre veker seinare var all tvil blåst vekk om kven som var nummer éin.

Les hele saken med abonnement