Sport

Smitten eksploderer i Tokyo idet OL startar: – Kan vera lyset i enden av tunnelen

Smittetrykket er stigande i OL-byen. Ein må heilt tilbake til januar for å finna like høge smittetal.

Tomoe Zenimoto Hvas og Anne Vilde Tuxen fekk æra av å bera det norske flagget inn på Olympiastadion.
  • Øystein Vik
    Journalist i BT

Tokyo: Publikum er forbode under OL, og det var ei smått absurd stemning inne på Olympiastadion i Tokyo då leikane vart opna på storslege vis framfor ein gjeng mediefolk, funksjonærar og æresgjestar.

For ikkje å gløyma IOC-president Thomas Bach og den japanske keisaren Naruhito. Festen opna med at dei to gjorde sin entré.

– Pandemien tvinga oss til å vera frå kvarandre, men no kan vi vera saman om denne augneblinken, sa Bach i sin opningstale, og tenkte sjølvsagt på OL.

– OL kan vera lyset i enden av tunnelen etter koronapandemien, held han fram.

OL-president Thomas Bach bukka for keisar Naruhito.

Nervøs by

Tokyo er i alarmberedskap idet OL opnar. Dagen før opningsseremonien testa 1979 positivt for koronaviruset i millionbyen. Det er det høgaste talet sidan midten av januar.

– Heile verda har opplevd ekstreme utfordringar med covid-19. Endeleg opnar vi OL, eitt år etter eit OL vart utsett for første gong i historia, sa Seiko Hashimoto, president for den organisasjonskomiteen i sin opningstale.

Ho viste til at mange spør seg om kva som er poenget med sport og OL i ei tid som dette. Ho trakk fram OL-slagordet om einskap gjennom mangfald.

– At vi kan samlast i fred og respekt som dette. Det er krafta i sport. Det er essensen i OL, sa Hashimoto medan ho skoda ut over alle utøvarane. Dei sat ute på matta på Olympiastadion og nytte hendinga etter at dei hadde marsjert inn under sine respektive flagg.

Fyrverkeriet i Tokyo var av ypparste klasse.

Aukande smittetrend

Smittetala gjekk noko ned fredag, truleg på grunn av at færre testa seg fordi det var offentleg heilagdag i Japan.

Men på OLs opningsdag var smittetalet likevel for 34. dag på rad høgare enn talet på same dag i den føregåande veka.

Det viser ein klart aukande smittetrend.

– Under slike omstende er det å handtera leikane, samtidig som ein skal gjennomføra alle mogelege tiltak mot covid-19, ei langt frå enkel oppgåve, sa keisar Naruhito då han tok i mot OL-presidenten i keisarpalasset.

I Japan er 23 prosent blitt fullvaksinerte mot korona. 35 prosent har fått første dose. I Noreg er tilsvarande tal 32 prosent og 62 prosent.

På dagen då OL opna ytra mange si misnøye med arrangementet.

Smitte i deltakarlandsbyen

Men OL vil gå sin gang. 11.000 utøvarar frå 205 land er i Tokyo. Fredag, då OL opna, vart det rapportert om 19 smittetilfelle knytt til OL. Tre av dei i deltakarlandsbyen, ein frå Nederland og to frå Tsjekkia. Totalt er 106 personar knytt til OL blitt smitta.

Det viser at risikoen for importsmitte som OL fører med seg, og som har gjort at eit fleirtal av japanarar har vore negative til arrangementet, er til stades.

Utanfor Olympiastadion var det protestar medan opningsseremonien føregjekk. Bodskapen var: «Avlys OL».

Ved Musashinomori Park, rett ved Olympiastadion, pleier Tomohisa Yamamoto å gå tur.

– Kvifor må vi vera vertskap for OL midt i denne globale koronaviruspandemien? Er det så viktig og verdifullt, spurte 78-åringen.

Kjelder: Insidethegames, Kyodonews, Japan News, Japan Times, Our World in Data og CTV News.

Les mer om

  1. OL