Sport

– Det går ikkje ein dag utan at eg tenkjer på Alex

Minnet om Alexander Dale Oen lever vidare både i idretten han dominerte og på staden han kom frå.

FEM ÅR SIDAN: 30. april er det fem år sidan Alexander Dale Oen døydde på treningsleir i USA. Minna om han lever vidare. Foto: GORM K GAARE / EUP-BERLIN.COM

Det er ein slik augneblink som kan spelast av levande på film når ein tek att augelokka: Kvar ein var då ein høyrde det tragiske nyhendet om at Alexander Dale Oen var død. Den flotte 1. mai-dagen den gongen i 2012 fekk plutseleg eit ugjennomtrengjeleg mørke over seg, sjølv om sola held fram med å stråla frå blå himmel.

Hjartet til mannen som symboliserte det yttarste Norge hadde av fysisk styrke, hadde stoppa på treningsleir i Flagstaff. Verdsmeisteren frå 2011, han som alle rekna med skulle verta olympisk meister i London 2012, var ikkje meir. Det er fem år sidan det skjedde.

Les hele saken med abonnement