Sport

Familiefar frå Ågotnes vann 418.000 i poker-NM

Slik tente Stian Jakobsen 10.000 kroner i timen.

I SIGET: Dagen før finalen gjekk alt Stian Jakobsens veg. Han vann stort sett kvar pott han blanda seg inn i. Foto: Lina Olofsson

  • Øystein Vik

– Det har ikkje heilt gått opp for meg enno at eg gjorde det så bra. Det vert sikkert annleis når pengane faktisk er på konto. 418.000 kroner er ein ganske stor sum, seier Stian Jakobsen.

Under NM i poker som vart avslutta på Gardermoen sist veke, stod Stian Jakobsen frå Ågotnes i Fjell for ein storvegs prestasjon. 30-åringen vart nummer fire i den viktigaste konkurransen, kalla Main Event. Jakobsen spelte poker i ei heil veke. Han var først med i ein mindre turnering, før han altså kom heilt til finalebordet i Main Event, der han vart fjerdemann. Turneringa vart vunne av Preben Stokkan.

Det var VestNytt som først skreiv om Jakobsen sin poker-suksess.

Midtfjellet Casino

Tobarnsfaren frå Ågotnes er ikkje vand med slike turneringar. Han var også med i NM i fjor, men erfaringa hans som pokerspelar stammar først og fremst frå den lokale klubben Midtfjellet Casino på Ågotnes.

– Eg begynte å spela poker då eg var 17–18 år og har spelt jamleg sidan. Me er ein vennegjeng som spelar kvar fredag. Før var det rundt kjøkenbordet, men no har me fått eige pokerbord og sjetongar med logoen vår på, fortel Jakobsen.

Sambuaren Mona Thorkildsen let Jakobsen sleppa av garde på fredagane for å spela. Det gjorde ho også når det var NM-veke.

– Ho syntest det var litt lenge å reisa nesten ei veke på poker-NM, men etter kvart sa ho at eg berre måtte bli så lenge eg ville og at ho skulle ta seg av levering på skule, foreldremøte og det som var.

– Kva skal du bruka pengane på?

– Eg har ikkje heilt bestemt meg enno, men det vert fornuftig bruk. Eg har lova familien ein tur til Syden. Det var populært!

Derfor elskar han poker

Til vanleg jobbar Jakobsen som røyrleggjar. Men eit høgdepunkt i veka er pokerlaget på fredagskveldane.

– Eg veit ikkje heilt kva det er med poker eg likar så godt, men det er det gøyaste eg gjer. Når fredagen kjem kan eg ikkje venta med å koma i gang, seier Jakobsen.

Totalt 8000 kroner måtte Jakobsen satsa for å vinna dei 418.000 skattefrie kronene han til slutt sat att med. Suksessoppskrifta var å spela tolmodig i starten med små pottar, då han møtte mange urutinerte spelarar som gjerne i tillegg var rusa.

Stian Jakobsen fekk godkjensla på finalebordet. På dette tidspunktet hadde han mange sjetongar og låg på tredjeplass. Foto: Thomas Stacha

– Enkelte imponerte med at dei klarte å halda seg sitjande på stolen. Då var det berre å ta tida til hjelp og ta sjetongane frå dei.

Etter kvart då det vart sterkare motstand spelte Jakobsen endå meir tolmodig, sjølv om starten på den avsluttande runden var offensiv. Han kom inn med klart færrast sjetongar, noko som gjorde at han måtte prøva å byggja seg kjapt opp. Poker-NM gjekk over ei veke, gjerne med 12 timar speling kvar dag.

– Då måtte eg prøva å spela som proffane som eg berre har lest om i Vi Menn og sett på TV. Utan å ha minst par gadd eg ikkje vera med, stort sett, seier Jakobsen.

Fru Fortuna gav Jakobsen gode kort under NM, men strilen meiner poker er eit spel som er 70 prosent ferdigheit og 30 prosent flaks.

– Følelsen eg hadde då eg hadde oppnådd fjerdeplass var ekstrem. Det var ein boost gjennom kroppen.

Vil ha fleire damer

Dette var andre gong Poker-NM vart arrangert på Gardermoen. Før har det vore i Dublin – eit arrangement som framleis eksisterer – men liberaliserte reglar gjer at arrangementet kan skje på norsk jord. Det vart omsett for rundt 16 millionar kroner på meisterskapen.

– Det har vore ein pokerboom i Norge i nokre år no, og me har spelarar i verdsklasse som folk ser opp til. Me har veldig mange nybyrjarar som er med. Samtidig ser du at det er dei som har mest erfaring som vinn. Poker er eit ferdigheitsbasert spel, seier Thomas Udnes, arrangementsansvarleg i poker-NM

2123 personar deltok i Main Event, men berre fem prosent av deltakarane i poker-NM er damer.

– Me ønskjer oss fleire damer. Men poker er på same måten som sjakk mannsdominert. Slik er det med mange tankesportar, seier Udnes.

TV-kjendis

Jakobsen har no tenkt å vera med i turneringar i utlandet framover. Kanskje i Dublin eller på Malta. Litt av premiepengane han no vann skal brukast til å kjøpa seg inn der. Men for strilen frå Ågotnes er livet litt endra etter at han gjorde det så bra i ein noregsmeisterskap sendt på TV 2.

– Eg føler nesten at heile Sotra må ha sett på poker-NM. Folk eg eigentleg ikkje kjenner kjem bort til meg i butikken for å snakka om poker. Det er veldig kjekt, seier Jakobsen.

  1. Les også

    Én beskjed fikk Piotr Leciejewski til å bli dønn lojal til Brann-treneren

  2. Les også

    «Brann har tatt grep. De har gjort endringer. Men er det nok?»

  3. Les også

    Johaug i nytt intervju: - Når jeg våkner, står det to bokstaver i hodet mitt

  4. Les også

    Nest-Sotra tatt for skattefusk

Relevante artikler

  1. FOTBALL

    Noah (8) spelte både spiss og keeper på Voss cup. Det same gjorde faren Dagfinn Edvardsen (33) for 25 år sidan.

  2. FOTBALL

    I ei lita bygd på Sotra vaks dei opp 50 meter frå kvarandre. I helga skal begge spele cupfinale.

  3. FOTBALL

    Sel treningsøkter og kafédate for å reisa på treningsleir

  4. FOTBALL

    Høg temperatur på Hødds årsmøte: Ba kontrollkomiteen om å granske styret

  5. FOTBALL

    Her får Øygarden-spelaren kneskåla ut av ledd: – Umenneskeleg vondt

  6. FOTBALL

    Slik vert den nye storklubben som skal erstatta Nest-Sotras topplag