– Det er uverkeleg at Sjur har kome seg der han har kome. Det er klart eg er stolt.
Langrennspappa Steinar Røthe fortel historia om korleis sonen vart Hordalands VM-håp.
Voss: Sola kjem ikkje heilt gjennom det tette skydekket denne dagen på langrennsstadion på Voss. Typisk Vestlandet. Akkurat slikt vêr det ofte har vore når Sjur Røthe har trava rundt her i jakta på å verta ein av verdas beste skiløparar. Litt regn i lufta, våt snø, men likevel mogeleg å gå kjapt på ski for den som veit korleis.
Og Sjur Røthe veit korleis. Laurdag går han 30 kilometer i verdsmeisterskapen i Seefeld. Som medaljekandidat.
Les hele saken med abonnement