Langrenn

Langrennstoppane trur det vil snu etter nesten-sesong for Røthe og Jespersen

Vil ha både Sjur Røthe og Chris Jespersen med seg vidare på landslaget.

FOTO: Terje Bendiksby, NTB Scanpix. Foto: Terje Bendiksby, NTB Scanpix.

  • Øystein Vik

— Både Sjur Røthe og Chris Jespersen har potensial til å vera mellom dei beste utøvarane i verda, både på klassisk og skøyting, seier landslagstrenar Trond Nystad.

Verken Røthe eller Jespersen har fått det heilt ut denne sesongen. Før jul slo dei til med pallplassar i verdscupen, men både Tour de Ski og VM i Falun vart ein liten nedtur for Hordalands representantar på verdas beste langrennslag: Det norske landslaget.

Dei to kom ikkje med på stafettlaget som vann gull i Falun. Den beste plasseringa var på 15 kilometer skøyting der Jespersen vart nummer åtte og Røthe nummer ni.

— I Norge der vi krev så mykje av langrennsløparane våre, blir det fort sett på som litt dårleg når ein ikkje går inn til pallplassar. Både Sjur og Chris har mangla litt i år, seier Vidar Løfshus, landslagssjef i Norges Skiforbund.

Les også

Kommentar: Et ekte verdensmesterskap

På trygg grunn

Jespersen har som vanleg slite med luftvegane heile sesongen, og han vurderer å ta mandlane i eit forsøk på å retta på problema som har øydelagt for den i utgangspunktet svært sterke løparen. Røthe har også hatt luftvegsproblem, men smerter i ryggen har gjort at han har slite i år. Årsaka til ryggproblema har ein ikkje funne ut av enno, og operasjon er ikkje utestengd.

— Både Sjur og Chris har dessverre vore plaga med skader og sjukdom. Vi veit at nivået er så høgt at ein må ha ein kropp som fungerer. Dei har levert stabilt bra, men vi manglar den siste prikken over i-en som gjer at vi kan seie oss heilt fornøgde, seier Nystad.

Landslagsplassen til Røthe og Jespersen verkar likevel å vere heilt trygg. Begge to får tilbod om å halde fram under Skiforbundets vengjer neste sesong.

— Dei er på trygg grunn. Vi ønskjer å gi dei sjansar til å utvikle seg framover, og har tru på at dei kan ta det siste steget heilt opp i verdstoppen, seier Løfshus.

Femmil i Kollen

Skal ein delta i VM, OL og verdscupen, må ein i utgangspunktet seia ja til landslagsplass. Røthe seier det ikkje er tvil om at han vil vere på landslaget også neste sesong.

— Så lenge ein har planar om å kjempe om plasseringar i verdscupen og ta medaljar i meisterskap, så er landslaget den einaste staden å vera. Og landslaget har eit veldig bra opplegg, seier Røthe.

Laurdag skal både han og Jespersen gå femmil i Holmenkollen, det mest prestisjetunge løpet av alle i verdscupen.

— Eg gler meg veldig til den femmila, sjølv om det vert tungt å gå opp seks gongar til Frognerseteren. Dei siste dagane har eg gått all-in på trening for å gjere meg klar til å gå eit tungt løp, seier Røthe.

Nordmenn i toppen

Neste veke skal han til Stavanger for å undersøkje ryggen nærare, og forhåpentleg finna ut av kva som er gale. Men uavhengig av det ser han allereie fram mot neste sesong.

— Planen min er å halde det gåande i endå større grad etter sesongen og ikkje sleppe meg nedpå, slik at eg held meg på eit endå høgare fysisk nivå gjennom sommaren, seier Røthe.

Konkurransen om plassane på landslaget er stor. Mange vil ha landslagsplassane til Røthe og Jespersen. Det at dei to har ein klar plass trass i ein ikkje optimal sesong, seier litt om kor stor tru landslagsleiinga har på dei to.

— Vi har ein bredde i troppen vi ikkje har hatt på lenge. Det er veldig mange nordmenn som er blant de 50 beste i verda, seier Nystad.

Høgdepunkta denne sesongen

Sjur Røthe:

3. plass samanlagd under minitouren, Lillehammer tidleg i desember.

4. plass på 15 km klassisk, Davos i desember.

9. plass 15 km fri, VM i Falun, februar

Chris Jespersen:

3. plass på 15 km fristil, Davos i desember.

9. plass i Tour de Ski, januar.

8. plass 15 km fri, VM i Falun, februar

Les mer om

  1. Sjur Røthe
  2. Chris Jespersen

Flere artikler

  1. LANGRENN
    Publisert:

    Jespersen: - Én prosent sjanse for at jeg tar gull

  2. LANGRENN
    Publisert:

    Røthe kjempar om si beste plassering i verdscupen samanlagt: – Det har vore ein eventyrsesong

  3. LANGRENN
    Publisert:

    Derfor trur Hetland på pallplass for Røthe i Tour de Ski

  4. LANGRENN
    Publisert:

    Landslagstrenaren: - Sjur er vanlegvis god når han får kniven på strupen

  5. LANGRENN
    Publisert:

    Sjur Røthe: – Eg kan ikkje leggja meg opp i korleis legane vil behandla lungene mine

  6. LANGRENN
    Publisert:

    Sjur Røthe med fjerdeplass i comebacket: – Ein siger for min del