Viten

Ørsmå sopptrådar kan halde klimaet i sjakk

Sopp hindrar CO2-utslepp frå jord. Derfor bør dei inn i klimamodellane.

Denne planta lev i eit tett samliv med sopp i jorda, eit samliv som både soppen og planta dreg nytte av. Planta gjev karbonhaldig sukker til soppen gjennom dei tjukke brune planterøtene, medan dei tynne lyse sopptrådane aukar næringsopptaket til planta samstundes som dei bidreg til at karbonet blir verande i jorda.
  • Unni Vik, post-doc, Institutt for biovitskap, Universitetet i Oslo
Viten er Aftenpostens satsing på forskning og vitenskap, der forskere og fagfolk fra hele landet bidrar med artikler.

Rett under føtene våre føregår ei mengd prosessar. Forskarar vert stadig meir klar over rolla mikroorganismar, som sopp og bakteriar, speler i mange av desse prosessane, som mellom anna i karbonlagring.

Endra klima påverkar mange av desse prosessane, og forskarar jobbar no på spreng for å forstå korleis organismar som bidreg til karbonlagring i jord vert påverka av høgare temperaturar og endra nedbørsmengder og korleis dette vil påverke karbonbalansen i jord.

Unni Vik, post-doc, Institutt for biovitskap, Universitetet i Oslo.

Ufullstendige klimamodellar

Karbon er livet sin byggjestein. Om lag 600 milliardar tonn karbon er i omløp i levande organismar på jorda. Jord inneheld langt meir karbon enn det som finst over bakkenivå, og om jorda fungerer som netto utslepps- eller lagringsorgan avheng mellom anna av dynamikken mellom karboninput frå fotosyntetiserande planter og deira assosierte soppar og karbonutslepp frå nedbryting av organisk materiale i jord.

Å forstå karbondynamikken i jord, og ikkje minst rekneskapen over kva som til ei kvar tid vert lagra i jorda og kva som slepp ut i atmosfæren som CO2 er essensielt for å klare å lage gode og robuste klimamodellar.

Les også

Forskeren som snudde naturen på hodet

Forskarar jobbar no på spreng for å forstå korleis organismar som bidreg til karbonlagring i jord vert påverka av høgare temperaturar og endra nedbørsmengder.

Det høyrest ut som ei triviell oppgåve, men jord er eit av dei mest komplekse og artsrike systema me har. I dag finst det ikkje globale klimamodellar som klarar å ta omsyn til variasjonen i karbonlagringspotensialet i jord på ein tilfredsstillande måte, og dermed kan me ikkje slå fast kva som skjer med dei store karbonlagera under føtene våre når temperaturen kryp sakte, men sikkert oppover gradestokken.

Les også

Skogens usynlige karbonpoliti

Sopp hindrar CO₂-utslepp

Dei siste åra sine ganske revolusjonerande oppdagingar innan fagfelt som mykologi (sopplære) og mikrobiell økologi har blitt forbigått i tausheit i dei fleste media. Materien er tung å fordøye, men ser no ut til å hente anerkjenning blant fleire klimaforskarar.

Dei aller fleste planter lev i eit tett samliv med sopp der begge partnarane dreg nytte av samlivet. Medan planta får auka tilgang på vatn og næring gjennom soppen i jorda, sender planta karbonhaldig sukker frå fotosyntesa gjennom røtene sine og til den jordlevande soppen.

Planta kan sende opptil 25 prosent av det ho produserer gjennom fotosyntesen til sopp-partnarane sine, og det er her dei revolusjonerande oppdagingane har funne stad: karbonet som vert sendt ned blir verande i soppen.

Frå planterøtene vert nye sopptrådar stadig danna, og desse trådane kan vera vanskelege å bryte ned. Altså blir ein del av karbonet verande i jorda og lekk ikkje tilbake til atmosfæren som CO2.

Frå planterøtene vert nye sopptrådar stadig danna, og desse trådane kan vera vanskelege å bryte ned.

Tett samliv med planter

Minst halvparten av alt karbonet i jorda på våre breiddegrader stammar frå karbon som går vegen til sopp gjennom planterøter. Men soppverda under føtene våre er kompleks.

Dei mikroskopiske sopptrådane til tusenvis av soppartar som til ei kvar tid lev i tett samliv med planter har ulike eigenskapar. Nokre av dei har vist seg å vera meir motstandsdyktige til nedbryting enn andre, og blir verande i jorda mykje lengre enn andre.

Andre sopptrådar er meir flyktige, og kan brytast ned relativt kjapt. Denne dynamikken vert viktigare for forskarar å forstå framover.

Les også

Derfor må Norge reparere ødelagt natur

Sopp kan fungere som ein buffer mot karbonutslepp

Det finst nemleg indikasjonar på at klimaendringar kan endre soppsamfunn med sopptrådar som er vanskeleg å bryte ned til eit samfunn med sopptrådar som er lettare å bryte ned.

Per i dag ser det ut som at sopp kan fungere som ein buffer mot karbonutslepp frå jord. Med halvparten av alt karbon i jorda stammande frå samlivet mellom plante og sopp, vil endringar i soppsamfunna kunne ha store utslag på det globale karbonrekneskapen.

Les også

Skogen er på fjelltur

Må inn i klimamodellar

Neste gong du går tur i ei lynghei eller i ein skog, prøv å tenk på alt som i det stille føregår under føtene dine og på dei enorme karbonmengdene som er lagra der. Me må fortsette å forske på dei ørsmå organismane som lev under dei travle føtene våre for å få betre og meir presise klimamodellar. Fyrst då kan me starte å snakke om kva som skjer med karbonlagera i jorda under klimaendringar.

Følg Aftenposten Viten på Facebook og Twitter!

Her er flere spennende saker fra Viten:

Les mer om

  1. Sopp
  2. CO2
  3. Økologi
  4. Viten
  5. Klima
  6. Klimaendringer
  7. Klima og miljø