Viten

Myta om det gamle Egypt

Storfilmen «Exodus» er eit eksempel på fornya interesse for det gamle Egypt, men fortellinga har ikkje uventa historiske feil.

Historiske feil: Den førre kongen (Seti) sender i filmen sine to (adoptiv)søner Ramses og Moses til å leie hæren mot Hettittane. Dette er det me kjenner som slaget ved Kadesh, som historisk gjekk føre seg i Ramses sitt femte år som konge, og ikkje under Seti si regjeringstid som regissøren av storfilmen «Exodus» antyder. Foto: 20th Century Fox

  • Reinert Skumsnes
Viten er Aftenpostens satsing på forskning og vitenskap, der forskere og fagfolk fra hele landet bidrar med artikler.

Interessa for det gamle Egypt har gått i bølgjer opp igjennom historia: Den første var i gresk-romersk tid, den andre under Renessansen. Den tredje kom med Napoleon sine vitskapsmenn og gjennombrotet med hieroglyfane i 1822, som danna grunnlag for den akademiske disiplinen egyptologi.

Funnet av den intakte grava til Tutankhamun i 1922 danna grunnlag for ei fjerde bølgje, og i desse dagar tyder høge besøkstal på museum, fagleg interesse ved universitet, og ikkje minst populærkultur på ei mulig femte bølgje av internasjonal interesse for det gamle Egypt.

Sistnemnde er særlig inspirert av to delar av vårt kulturelle minne: utferda frå Egypt og myta om Kleopatra.

Exodus: Gods and Kings

Hollywood filmen Exodus: Gods and Kings er historia om Moses, og teiknar bilete av ein dristig mann med mot til å setje seg opp mot eit mektig imperium – overmakta – sjølvaste Egypt. Ved hjelp av spesialeffektar og 3D gir Hollywood-regissør Ridley Scott nytt liv i historia om det gamle Egypt som eit land av slaveri, despoti og undertrykking.

Andre Mosebok (som filmen tar utgangspunkt i) fortel historia om korleis spedbarnet Moses vart sett til å segle på Nilen i ei lita korg av den jødiske mora, som (ved eit lukketreff) vart funne av ei prinsesse, og sidan vaks opp som prins ved det egyptiske hoffet.

Joel Edgarton i rolla som Ramses, som historisk har fått tilnamnet 'den store'. Han regjerte det mektig imperiet Egypt i nærare 70 år - lengre enn nokon andre kongar, og legenda seier han hadde over 100 barn. Foto: 20th Century Fox

Den fortel om jødane sin fangenskap i Egypt, Moses sin relasjon til den yngre kongen Ramses (som var konge i år 1279-1213 før vår tid), Moses sin kontakt med Gud, dei ti landeplagene, og ikkje minst sjølve utferda. Denne historia er kjent gjennom andre populærkulturelle framstillingar, blant anna Prinsen av Egypt (1998), men ikkje minst som del av det professor i egyptologi Jan Assmann kallar eit kulturelt minne som er felles for jødar, kristne og muslimar.

Slaveri?

Det springande spørsmålet er dette med slaveri. Praktiserte Egypt slaveri? Vel, kjeldene tyder på at det var tradisjon for å ta krigsfangar, men neppe i den storleiksordenen som her er antyda. Jamfør bibelhistoria var dessutan Josef ein av farao sine mest tiltrudde embetsmenn, og slik ville hans etterkomarar heller vert del av den egyptiske eliten. Vidare er sjølve omgrepet slave problematisk, og det er tydelig at både bibel og Ridley Scott er inspirert av den romerske (og seinare koloniale) definisjonen.

Konsensus i fagmiljø hevdar arbeidsstyrken i Egypt bestod av egyptarar som var del av eit rullerande (sesongbestemt) pliktarbeid. Det vil sei at folk flest var bønder, men kunne kallast inn til teneste i hær og byggeverksemd ved behov.

Scott er også tydelig inspirert av Romerriket når det kjem til hestehold. Rett nok vart hesten introdusert til Egypt nokon hundre år tidligare, og den var ein viktig del av hæren, men folk flest hadde ikkje hest. Skulle ein ut å reise var det Nilen som var reiseveg, og over land gjekk ein til fots, eller nytta esel.

Det er også eit par konkrete historiske feil i filmen: Slaget ved Kadesh fann stad i Ramses sitt femte år som konge, altså når den førre kongen (Seti) allereie var død; Krona som Joel Edgerton (Ramses) brukar i slaget ved Kadesh er ei dronningkrone, eit såkalla gribbehovudplagg («vulture headdress»); Monumentet Abu Simbel, der den førre kongen vart gravlagt (i filmen) vart først bygd i siste del av Ramses si regjeringstid; Dessutan bygde ein ikkje pyramidar i denne tidsperioden.

Egypt sin undergang

Rett nok var det pyramidar i nærleiken av Memphis, men desse står oppe på ørkenplatået, og ikkje nede i Nildalen eller som del av bybilete. Sist, har ein postkolonial kritikk gjort sosiale media varme: Kvifor nyttar ein ikkje skodespelarar frå Midtausten, og kvifor snakkar ein engelsk? Svaret på sistnemnde er vel openlyst.

Når det gjeld sjølve bibelhistoria er det mange som har prøvd å knytte denne til meir allment akseptert historie, men så langt er det lite som samsvarar med arkeologien. Når sant skal seiast kan verken Moses, landeplager eller utferda av eit heilt folkeslag dokumenterast andre stadar enn i bibelen.

Snarare hevdar Assmann at det kulturelle minnet om utferda er ein konsekvens av tre seinare hendingar:

  • Opprettinga av det nordlige kongeriket (Israel) i år 926 før vår tid
  • Fallet av det nordlige kongeriket i år 722 f.v.t., og det sørlige kongeriket (Judea) i år 587 f.v.t.
  • Reisinga av det andre jødiske tempelet i Jerusalem etter eksilet i Babylon i år 520 f.v.t.
    Slik forstår ein at Andre Mosebok i stor grad handlar om ei jødisk, og seinare kristen og muslimsk, identitetsdanning der Israel er negasjonen av Egypt – Israel sin suksess vert målt mot Egypt sin undergang.

Myta om Kleopatra

Eit tilsvarande kulturelt minne er myta om Kleopatra som var dronning (over kongar) i Egypt i tidsrommet 69-31 f.v.t.. Dette er myta om Egypt sitt siste andedrett, og om imperiet Roma som på mange måtar stakar ut kursen for vesten si framtid. Det kulturelle minnet om Kleopatra er blant anna inspirert av dei romerske historieskrivarane Plutark og Cassius Dio sine detaljerte skildringar, og har overlevd gjennom talrike kunstverk og dramatiseringar.

Mest velkjent av sistnemnde er William Shakespear sin tragedie Antony og Cleopatra (1606-1607), Jules Massenet sin opera Cléopâtre (1914), Hollywood-storsatsinga Cleopatra (1963), og tv-serien Rome (2005-2007). Det går også rykte om ein ny storfilm med ingen ringare enn Angelina Jolie i hovudrollen.

Katy Perry som Kleopatra. Foto: Bilete frå videoen til «Dark Horse»

Dette året har dessutan pop-ikonet Katy Perry hatt stor suksess med hiten Dark Horse (frå albumet Prism). Låten har vunne mange prisar, og er dessutan den mest sette YouTube-musikkvideoen i 2014 med svimlande 716 millionar visningar.Det er ikkje tvil om kor sjølve musikkvideoen har sin inspirasjon frå. Ikkje berre vert ein informert om at hendinga utspeglar seg i Memphis, i Det gamle Egypt, ein gong for lenge, lenge sidan. Kostyme og sceneval har også klassiske trekk, og ingrediensane er velkjente: overflod, makt, magi, mystikk, sex og eksotisk kultur. Musikkvideoen endar med at Katy Perry står på toppen av ein flygande pyramide som arketypen av femme fatale, og assosiasjonane til myta kring Kleopatra er komplett.

Det er liten tvil om at Kleopatra visste å dra nytte av sine kvinnelege sider, men at desse var dei einaste kvalitetane ho hadde å fare med, er ei misforståing. Dei arkeologiske kjeldene har så langt vert svært sparsame på informasjon som kan utdjupe Kleopatra si rolle og karakter, karakteren av forholdet til dei romerske generalane Julius Cesar og Markus Antonius, og korleis ho tok sitt eige liv. Mogleg kan pågåande arkeologiske prosjekt i hamnebassenget utanfor Alexandria gje ny kunnskap.

Behov for ny kunnskap

Det ironiske er at det var innføringa av kristendom som statsreligion i det romerske imperiet i år 380 etter vår tid, og den seinare arabiske invasjonen i år 639 e.v.t som avslutta den gamle egyptiske kulturen. Slik forstår ein at vårt kulturelle minne, både om utferda frå Egypt og myta om Kleopatra, utgjer eit selektivt og til dels konstruert minne. Minnet er resultat av munnlege overføringar, gjerne over generasjonar, og er utsett for diverse påverknadar før dei seinare vart nedskrive, og i nokon tilfelle kanonisert nettopp fordi nokon meinte ein burde huske (akkurat denne historia).

Nettopp difor vert dette også ei påminning om den gløymte historia – den som vart gløymt eller oversett fordi nokon fann den utfordrande eller mindre viktig. Dette er det mange eksempel på, og ein snakkar gjerne om vinnaren si historie.

Poenget har ikkje vert å kritisere verken Ridley Scott eller Katy Perry. For å vera ærleg vert eg varm om hjarta når populærkulturen plukkar opp tema som dette i sine uttrykk. Det er klare vitnesbyrd om at interessa for fortida, og i dette tilfellet det gamle Egypt, framleis lev i beste velgåande. Mitt poenget er snarare ei oppmoding om å søke, leggje til rette for, og ikkje minst påpeike behovet for ny kunnskap om nettopp fortida.

Fortida er ikkje berre ein kuriositet om ei svunnen tid, men heng nøye saman med vår eiga tid. Jamfør Terje Tvedt (BT 11.12.14) er ein dømt til å misforstå samtida dersom ein ikkje kjenner fortida. Berre gjennom ny kunnskap kan ein sjå verda frå ei ny side, utfordre gamle paradigme og uimotsagde sanningar .

Relevante artikler

  1. A-MAGASINET

    De gamle er yngst. Bare se på egypterne.

  2. VITEN

    Er forskningspolitikken forskningsbasert?

  3. VITEN

    Ny jordklode funnet i vårt nabolag

  4. VITEN

    Simen Gaure i Uviten: Enkel matematikk

  5. VITEN

    Uviten: Frykter for amerikansk forskning | Nina Kristiansen

  6. VITEN

    Cellefunn i tarmen gir vaksinehåp