Viten

Det gamle Egypt vaknar til liv

I gamle egyptiske familie- og kjønnskonstellasjonar finn me att kjende mønster.

Hatshepsut regjerte som kvinneleg farao i nærare 20 år. Ho var ei av fleire sentrale kongelege kvinner under Det nye riket, og kan ha virka som ein katalysator for kvinner sine rettar i samfunnet. Statuen er utstilt i Metropolitan museum i New York. Foto: Reinert Skumsnes

  • Reinert Skumsnes
Viten er Aftenpostens satsing på forskning og vitenskap, der forskere og fagfolk fra hele landet bidrar med artikler.

I landsbyen Deir el-Medina, som var full av liv for cirka 3200 år sidan då imperiet Egypt var verdas midte, kan ein framleis vandre gatelangs. Husa er små og står tett i tett. Ein kan gå inn i hus og rom. Ein kan sette seg på ein sengekant, plukke opp ein gjenstand på golvet – kanskje ein gamal spegel med namnet til eigaren på skaftet. Like utanfor landsbyen ligg gravplassen. Her kan ein gå inn i dei mange kammera. På veggane er menneska avbileta, og på golvet kan ein finne fleire gjenstandar – kanskje ei hovudstøtte, eller kanskje ein kjortel.

I mellom landsbyen og gravplassen ligg det ein brønn. I akkurat denne brønnen har arkeologar funne fleire hundre steintavler med personlege tekstar. Tekstane er i all hovudssak brev og rettsdokument som gir innblikk i forhold i familie og blant naboar.

Familien

I eit av husa budde kvinna Naunakht. Naunakht var gift for andre gong, men alle hennar åtte barn var frå første ekteskap. Kvinna vart gamal, og i testamentet hennar står det: «Eg er ei fri kvinne av landet til farao. Eg har tatt meg av desse åtte borna, gitt dei mat og klede, og dei har hatt det dei trengte. Men sjå, no er eg vorte gamal, og dei ser ikkje til meg. Den av dei som har hjelpt meg, vil eg gje av min eigedom, men dei andre får ingenting».

Kvinna skuldar fire av barna for ikkje ha brydd seg når ho trengte det som mest, og konsekvensen var at desse vart gjort arvelause.

Deler av landsbyen Deir el-Medina står framleis. Her er gravplassen rett ved landsbyen, mykje er intakt. Foto: Anders Bettum/Store norske leksikon

Lenger opp i gata budde enka Renenefer. Renenefer var barnlaus, men ho var ikkje aleine. Saman med ho budde ei tenestekvinne og hennar tre barn. Det er godt mogleg at enka var stemor til barna, men det vert berre spekulasjonar. Det me veit er at dei tre barna vart adoptert av enka, og den eldste av jentene vart gift med enka sin bror. I testamentet til Renenefer vert barna sin omsorg for ho nemnt eksplisitt som grunn til adopsjon. Saman arvar barn og bror alle eigedomane til enka.Alt i alt budde det på det meste kring 400 menneske i landsbyen, og alle kjente kvarandre. Dei utgjorde arbeidarklassen i samfunnet. Mennene var i det store og heile arbeidsmenn i kongenes dal, der arbeidet gjekk ut på å lage og utsmykke kongen sitt gravkammer. Mennene var delt i to grupper, og jobba skift på ti dagar om gongen.

Slik var det kvinnene som på det jamne var i fleirtal i landsbyen. Dei møttest på gata, og kanskje sladra dei om Paneb sine siste erobringar. Paneb kjenner me godt, som arbeidsformann, men også som ein rundbrennar. Som arbeidsformann var han ikkje særlig godt likt, men kvinnene virka å ha hatt eit godt auge til han. Han skal ha forført fleire av kvinnene i landsbyen, og var mulig ein direkte orsak til at fleire ekteskap enda i skilsmisse.

Ei av desse skilsmissene kjenner me frå eit rettsdokument der ektemannen skilde seg frå kvinna Hel. Vidare står det at mannen betalte kvinna eit månadleg bidrag, i korn, over ein tidsperiode på tre år. Kvinna på si side sydde klede til mannen.

Sjølvstendige kvinner

Ved sida av oppgåver knytt til heimen, utførte kvinnene tenester for kvarandre. Dei vanligaste var knytt til produksjon av mat og klede. Mange brev og mindre notisar er bestillingar av ulike varer og tenester, men kvinner kunne og ha administrative oppgåver.

I denne tidsperioden hadde dessutan mange kvinner ei rolle i tempelet, og dette gav høve til å danne nettverk, skape alliansar, og gjerne tene si eiga inntekt. Fleire av kvinnene hadde også leiarroller, og ofte hadde ektemenn ein tilsvarande leiande presteposisjon. Slik eksisterte hierarki av menn og kvinner side om side, også utanfor heimen. Overlapping mellom dei ulike hierarkia eksisterte også, og ei kvinne med namnet Herere er eit godt eksempel på dette. Ho hadde overoppsyn for matrasjonane til landsbyen (Deir el-Medina), og i eit kvast brev til militærkapteinen Peseg skriv ho: «Kva er det eg høyrer angåande landsbyen? Kvifor har du ikkje sendt bestillinga som eg sa du skulle? Gjer det med det same!»

Kvinner hadde og ei rolle i det juridiske systemet. I dette systemet var statsministeren, kjent som visir, øvste mynde, og under han var det ein statleg domstol og mange lokale. Den lokale domstolen i landsbyen Deir el-Medina er velkjent, og i eit av dei overlevande rettsdokumenta er to kvinner nemnt som del av eit dommarkollegium på fem.

Det var langt meir vanleg at kvinner var ein av partane i saken. I ein av desse sakene vert kvinna Erenofre skulda for å ha nytta seg av ei anna kvinne sine midlar. Rettsprosessen er grundig, og fleire vitne vart avhøyrt – menn, så vel som kvinner. Alle avla eid og gjorde seg skuldige i 100 piskeslag (!) dersom dei ikkje snakka sant. Det var ikkje forskjell på mann og kvinne.

Ei anna sak kastar lys særleg over forholdet mellom mann og kvinne. Ei kvinne skuldar ektemannen for mishandling. Svigermor er vitne, og ektemannen vert funnen skuldig. Dessverre kjennar me ikkje til konsekvensane av rettskjenninga, eller korleis samfunnet sanksjonerte. Likevel, dokumentet tyder på at problemstillinga var aktuell i tida/landsbyen, og at samfunnet offisielt var negativ til vold mot kvinner.

Aktuelt også i dag?

I tid er det gamle Egypt fjernt, men går ein litt nærare innpå kjeldene, ser, les og tolkar, vil ein snart sjå at tema og problemstillingar ikkje er langt frå våre eigne. Ein ser at både menn og kvinner gifta seg fleire gongar gjennom eit livsløp, og moderne familiekonstellasjonar med barn frå ulike forhold var ikkje uvanleg. Det er også eksempel på barn som vaks opp med foreldre av same kjønn.

Dersom ein ikkje kunne få eigne barn var det andre alternativ. Blant anna var adopsjon ei formell handling som likestilte den/dei adopterte med ektefødde born.

Statue av faraoen Akhenaten. Foto: Det egyptiske museet i Kairo/Wikimedia Commons

Biologisk avkom var altså ikkje avgjerande, men snarare gjensidige forpliktingar, som tryggleik ved sjukdom, alderdom, og død. Dette er kjent som generasjonskontraktar, og var dåtidas velferdssystem.

Dette velferdssystemet fungerte godt, og baserte seg blant anna på retten til arv frå foreldra. Både biologiske og sosiale barn var foreldra sine rettmessige arvingar, men arv var ikkje sjølvsagt. Menn og kvinner lagde testamente og fordelte felles og individuelle eigedomar slik dei sjølv fann best.

Mange sentrale kvinnelege skikkelsar, som blant anna den kvinnelege faraoen Hatshepsut, kan ha virka som katalysator for kvinner sine rettar. Kan det ha vert ei feministbølgje i det egyptiske samfunnet?

Det var verken likestilling eller eit eintydig kjønnshierarki, men derimot mange ulike kjønnskonstellasjonar, og kjønnsnøytralitet er ein av desse. Det kanskje beste eksempelet på dette er faraoen Akhenaten, som i både to— og tredimensjonal kunst er framstilt med svært feminine trekk. Han har fyldige lepper, bryster og hofter, men også skjegg. Assosiasjonane til Conchita Würst (Thomas Neuwirth), kjent frå Eurovision 2014, er til å ta og kjenne på.

Fleire millenium vert fort ein bagatell når det gamle Egypt vaknar til liv.

Relevante artikler

  1. A-MAGASINET

    Bestevennene flyktet fra Sør-Sudan. En av dem ble trippeldrapsmann i Norge.

  2. KRONIKK

    Mannen

  3. VITEN

    Hvorfor har vi egentlig sex?

  4. VITEN

    «Kan rollespill få flere til å velge naturfag?»

  5. VITEN

    Slik skal mobilen få deg til å ta bedre valg

  6. VITEN

    Verden deles i to: De som hater og de som elsker kull