Viten

Klimakvotebløffen

Prisen på klimakvoter har kollapsa, klimatiltaka har liten effekt, og pengane kjem ikkje fattige land til gode.

Eukalyptus og furu veks på plantasjen i Bukaleba i Uganda. Andre selskap kan kjøpe klimakvotar frå eigarane, og plantasjeselskapet kan nytte tømmeret økonomisk. Foto: Erlend Eidsvik

  • Erlend Eidsvik
Viten er Aftenpostens satsing på forskning og vitenskap, der forskere og fagfolk fra hele landet bidrar med artikler.

John viser oss rundt på plantasjen i Bukaleba, berre få kilometer frå Nilens kjelde i utløpet av Victoriasjøen, Uganda. Han er tilsett i norskeigde Green Resources, det største plantasjeselskapet på det afrikanske kontinentet. Eukalyptus her, furu der, peikar han. Framande artar begge to, men trea veks fort og gir rask avkastning. Og dei konsumerer karbondioksid og produserer oksygen.

God gamal fotosyntese, med andre ord, og her kan norske og andre føretak kjøpe klimakvotar frå Green Resources, og plantasjeselskapet kan nytte tømmeret økonomisk. Ein vinn-vinn situasjon, just etter boka til Kyoto-avtalen.

Iallfall om verda hadde vore ideell, om klimakvoter hadde ein effekt, og om det ikkje var konflikt om landområda som plantasjane legg beslag på.

Akkurat. Dream on.

Les også:

Les også

Kina godtar klima-sjekk

– Bør avviklast

Den EU-finansierte forskingsgruppa Environmental Justice Organizations, Liabilities and Trade (EJOLT) har forfatta ein knusande rapport der dei går i saumane på ei rekke klimatiltak og klimakvoteprosjekt i Afrika. Konklusjonen er nedslåande – klimatiltaka har liten effekt, og pengane kjem ikkje dei afrikanske landa til gode.

Klimakvotesystemet fungerer så dårleg at det bør avviklast, meiner EJOLT.

I Kyoto-avtalen har klimatiltaka under det som blir kalla Clean Development Mechanisms (CDM) to hovudformål: bidra til reduksjon av klimagassar i industrialiserte land, og bidra til berekraftig utvikling i lavinntektsland, eller såkalla utviklingsland.

I praksis betyr dette at føretak og statar kan kjøpe kvoter frå klimakvotetilbydarar i staden for å redusere eigne utslepp. For å selge kvoter trengs sertifisering. CDM-prosjekt sertifiserast i regi av FN, og EU har sitt sertifiseringssystem, European Emission Trading Scheme (EU-ETC).

EJOLT konkluderer med at ingen av formåla fungerer. I delrapporten som undersøker spesifikt Green Resources sine plantasjar i Uganda, Tanzania og Mosambik er ordlyden kompromisslaus: Lokalbefolkninga blir fortrengt, områder som i utgangspunktet har høg artsrikdom blir erstatta med framande tresortar som drikk store mengder vatn, og verdiane som selskapa genererer blir ført tilbake til eigarane i Europa.

I tillegg er det lite forskingsbelegg for å hevde at denne type monokulturplantasjar har noko særleg effekt på CO2-nivået.

Lokale konfliktar

Plantasjedrift er berre eit av fleire CDM-prosjekt i Afrika som EJOLT meiner ikkje fungerer slik det er meint å fungere. Gjennom samarbeid med lokale og internasjonale forskargrupper har dei mellom anna avdekka konfliktar og negative konsekvensar ved gassprosjekt i Mosambik og Nigeria, i jordbruksprosjekt i Kenya og Mosambik, vasskraftprosjekt i Etiopia, Kongo og Egypt og metangassprosjekt i Sør-Afrika.

Konklusjonen er nedslåande: I ingen av desse prosjekta blir det skapt lokal utvikling, tvert i mot blir konflikter og marginalisering blant lokalbefolkninga dokumentert. Og klimaeffekten er i høgste grad diskutabel.

Les også:

Les også

Hva er beste løsning? Hydrogen eller fornybar, bioenergi eller sol og vind?

Må flytte

Tilbake på Bukaleba-plantasjen i Uganda driv lokale bønder kveget sitt på beite inn mellom trea. Dei legg på spring når delegasjonen vår kjem. Forholdet mellom plantasjeselskap og lokalbefolkninga er betent. John forklarer at dei som bur inne på plantasjeområdet har fått to år på seg til å flytte. No er tida i ferd med å renne ut, men få har nokon plass å flytte til.

Nokre plantasjar ligg i områder med få folk og få konfliktar, andre i områder med betydelig lokalbefolkning og påfølgande konfliktar om bruk av land.

Landrøveri, seier forskarar og politiske aktivistar. Landinvestering og god bistand, seier plantasjeselskapa. I tillegg vektlegg selskapa at det hindrar avskoging, gir arbeidsplassar og bidreg med lokal utvikling. Og, altså, trumfkortet – det er med på å redde klimakrisa.

Les også:

Les også

- SSB vil ikke åpne for faglig diskusjon av kontroversiell forskning

Priskollaps

Ein av kritikkane til EJOLT er at klimakvoteordninga blir brukt som legitimering av vanleg økonomisk aktivitet. Gjennom sertifisert handel av klimakvoter får verksemda legitimitet. Selskap som handlar med klimakvotar er med få unntak vestlege selskap, og verdistraumen går frå Sør til Nord, under premiss av å vere i klimakampens teneste.

Mellom 2011 og 2013 kollapsa prisen på klimakvoter frå over 100 kr pr tonn CO2 til berre nokre få kroner tonnet. Hovudårsaken til kollapsen ifølge karbonmeklerar (jada, karbonmeklarar fins) er at dei globale CO2-utsleppa ikkje blir tilstrekkeleg redusert, i tillegg til at finanskrisa også ramma karbonmarkedet.

Det økonomiske grunnlaget for klimakvotehandel har i stor grad forvitra, men systemet for å legitimere økonomisk aktivitet består.

Trodde du det ikke var klimaskepsis i det vitenskapelige miljøet? Det stemmer ikke, ifølge Bjørn Samset:

Les også

Sterk uenighet blant klimaforskerne

Feil idé og feil arena

Kyoto-avtalen har hatt ein kronglete veg. USA har framleis ikkje skrive under, og Canada trakk seg ut i 2011. Nye tillegg i avtalen vart lagt til i 2012, men berre eit fåtal land har signert.

Likevel, handel med klimakvoter har hittil blitt sett på som det mest konkrete tiltaket i klimakampen.

I Paris i desember er det på tide å avvikle CDM-systemet slik det er no, eller iallfall sørge for å implementere mekanismer som gjer handel med klimakvoter til eit fungerande og transparent system. Ifølge fleire kritikarar, deriblant EJOLT, er klimakvotehandel grunnlagt på feil idé (neoliberal strategi) og regulert på feil arena (finansmarkedet).

Eit alternativ til klimakvoter er eit transparent overnasjonalt klimafond med avgiftslegging av forureinarar der lokale initiativ i Afrika, Latin-Amerika og Asia kan nytte godt av fondet til nettopp lokal utvikling. Styrka satsing globalt på karbonavgifter er ein føresetnad for reduksjon av utslepp.

Slik det er i dag er dei einaste vinnaren i CDM-systemet karbonmeklarane og store forureinarar som kan kjøpe seg avlat i land i Sør. Utan at verdiane kjem Sør til gode.

Det er ikkje god klimapolitikk, heller ikkje god utviklingspolitikk, det er svindel.

  • Vil du lese mer spennende vitenskapsstoff skrevet av forskere? Følg Aftenposten Viten på FacebookogTwitter!