Dei med minst ressursar har oftare fleire helseplager samtidig
Å ha fleire kroniske helseplager samtidig er vanleg. Mest vanleg er det blant dei med minst ressursar.
Folk lever lenger, og med alderen oppstår mange helseplager. Over heile verda har fleire og fleire mange, samtidige, kroniske helseplager – såkalla multimorbiditet.
Dette er ikkje tilfeldig fordelt. Blant folk i såkalla lågare sosiale lag (definert lengre ned i teksten) er det større opphoping av helseplager. Og det oppstår i yngre alder.
Behandlingar på kollisjonskurs
Multimorbiditet utfordrar medisinsk praksis, som i dag fokuserer på ein og ein sjukdom og organ. Anbefalt behandling av ulike samtidige helseplager hos ein person kan vera på kollisjon med kvarandre, og det blir ofte mange medisinar. Dette aukar risiko for feil bruk og biverknader.
Utfordringane ved multimorbiditet vil variere mykje med kombinasjonen av helseplager, personlege og sosiale forhold. Derfor er det interessant å studere sosiale forskjellar i multimorbiditet.
Det enklaste målet for multimorbiditet er å ha to eller fleire kroniske helseplager. Men dette er svært vanleg og er sjeldan spesielt komplisert å behandle. Det er nyleg foreslått meir avanserte mål for multimorbiditet, med tanke på at dei er forventa å vere krevjande å behandle.
Slik multimorbiditet var ikkje tidlegare forska på i Noreg, og det fyrste vi undersøkte var kor mange som hadde multimorbiditet ved to ulike avanserte mål, og korleis førekomst varierte mellom sosiale lag.
Desse måla var:
- meir enn tre helseplager i tre ulike organsystem og
- meir enn to helseplager og samtidig vera såkalla skrøpeleg (eng. frail) med nedsett fysisk, psykisk eller sosial funksjon.
Sosiale forskjellar
Me studerte totalt 38.027 menneske frå 25 til 100 år som deltok i Helseundersøkinga i Trøndelag i 2006–08 (sjå faktaboks). Over halvparten, 54 prosent, rapporterte om meir enn tre helseplager i tre ulike organsystem. 39 prosent hadde to helseplager og var skrøpelege. Dei fleste med multimorbiditet var yngre enn 65 år.
Det var sosiale forskjellar i multimorbiditet heilt frå 30-års alder til over 75 år. Dei største skilnadane var blant dei som var både multimorbide og skrøpelege. Til dømes var 45-åringar i låge sosiale lag like ofte multimorbide som 65 år gamle i høge sosiale lag.
Kvifor sosiale skilnadar i helse?
Det er kjent at personar i lågare sosiale lag har høgare risiko for dei fleste sjukdomar. Verdas helseorganisasjon forklarar dette med at ulike sosiale grupper opplever ulike sosiale forhold på fleire arenaer i kvardagen. Dette gir opphoping av meir eller mindre gode påverknader av helsa gjennom heile livet.
Personar delast inn i sosiale grupper ved mål som utdanning, inntekt og yrke.
I våre studiar var yrke grunnlaget for inndeling i sosiale lag. Yrke vil også ofte spegle utdanningsnivå og inntekt. Grovt sett omfamna høge sosiale lag leiarstillingar og akademiske yrke med minst fire år høgare utdanning. I låge sosiale lag var sal- og serviceyrke, handverkarar, maskinoperatørar og reinhald, som normalt svarar til gjennomført vidaregåande skule.
Yrke påverkar helse spesielt gjennom forskjellar i arbeidsmiljø. Høge yrkesgrupper har ofte meir kontroll over eigen arbeidsdag, medan det i låge yrkesgrupper oftare er fysisk utfordrande arbeid med høgare risiko for skade.
Utdanningsnivå kan verke inn på korleis ein tolkar eiga helse og evner å vareta behandlinga av fleire samtidige helseplager. Inntekt legg føring på om folk har råd til ein sunn livsstil. Motsett kan nedsett helse i ung alder påverke kva jobb ein kan ha.
Dette kan forklare noko av skilnadane i ung alder i studiane våre.
Kva kan vi lære og kva kan vi gjere?
Studiane våre stadfestar sosiale helseforskjellar, i samsvar med internasjonale funn og teori. Sjølv avanserte mål for multimorbiditet er svært vanleg i den generelle befolkninga i Noreg, og dei sosiale forskjellane er til stades gjennom heile vaksenlivet.
Dette peiker mot at førebygging mot sosiale helseforskjellar er viktig i heile livsløpet. I utdanning av helsepersonell og i klinisk arbeid bør ein vera merksam på dette samspelet og behov for skreddarsydd behandling.