Viten

- Pappa, om eg et mykje pasta, kjem det spaghetti ut av tissen min?

Hvor ble det av nysgjerrigheten, spør Frode Grytten.

Illustrasjonsfoto: Fotolia/NTB Scanpix Foto: amelaxa - Fotolia

  • Aftenposten Redaksjon
Viten er Aftenpostens satsing på forskning og vitenskap, der forskere og fagfolk fra hele landet bidrar med artikler.

I anledning Aftenposten og Forskningsrådets store konferanse om forskning og innovasjon i næringslivet, Rik på nysgjerrighet, har Frode Grytten skrevet dette vakre diktet. Du kan følge konferansen direkte fra klokken 10.00 på Aftenposten.no, og lese om flere forskningsgjennombrudd her og her.

Nysgjerrigheit

  • Av Frode Grytten, forfattar

«Kor mange etternamn finst det i verda?»

«blei dei første menneska fødd ut av kroppen til apar?»

«vil romsniglane fylle heile byen med slim?»

«om verda er rund, korfor renn ikkje vatnet av?»

eg finn denne vesle boka mens eg ryddar kontoret mitt

eg hadde nesten glømt ho, men her er ho altså

eg har notert ned ting min yngste son har sagt

alt han lurte på då han var fire-fem-seks år

«kva er forskjellen på speideren og spiderman

«er ei t-skjorte det same som ei skjorte, bare utan armar?»

«om eg rapar to gongar etter kvarandre, betyr det lykke?»

«om eg et mykje pasta, kjem det spaghetti ut tissen min?»

denne vesle boka er så full av spørsmål

det er ei uferdig diktsamling breiddfull av vitebegjær

så full av nysgjerrigheit, full av vilje til å finne ut, grave fram

så full av liv, dei små spørsmåla, dei store spørsmåla

«pappa, har eg sove forbi vekkerklokka?»

«pappa, skal eg sykle rett fram til det er slutt på rett fram

«pappa, er gameboy ein slags mobiltelefon, bare at gameboy manglar alt, unntatt spill?»

«pappa, blir du bare gladare og gladare i meg?»

så kjem den første skuledagen og ungane

går langs vegen som eit einaste svært spørjeteikn

og så kjem dei heim igjen som eit kjedelig punktum

og vi kan spørje: korleis gikk det i dag? ingen kommentar

alle spørsmåla er brått redusert til dette eine: «SERIØST?»

eller om ungane er i uvanlig godt lune: «e det nåkke nice, då?»

eg veit ikkje kva som skjer på skulen, eg veit bare at

nysgjerrigheit er det sikraste teiknet på menneskelig intelligens

og eg saknar den vesle nysjerrigperen som ville vite ALT

den vesle professoren, nerden som kryssforhørte meg

han som sa: om eg er eit påfunn, så er eg verdas beste påfunn

han som sa, og eg har det svart på kvitt i den vesle boka

«eg er ein heilt alminnelig gutt»,

ein heilt vanlig gut som spurte:

«pappa, kva er hensikta med meninga?»

pappa, kva er hensikta med meninga?

det du, det kallar eg nysgjerrigheit

  1. Les også

    Denne bittelille sensoren kan implanteres i din kropp

  2. Les også

    Nå kommer trådløs strøm både til lands og til vanns

  3. Les også

    Intelligente bygninger kan løse klimautfordringer