Når døden blir ei frigjering

Du blir tuta øyro fulle med at du skal vera glad i familien din uansett, skriver Eivind Ødegård.

Å vera pårørande etter eit narkodødsfall er ein stor helserisiko. Likevel er det heilt tilfeldig om dei attverande får hjelp.

Dette er en kronikk. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å sende et kronikkforslag, kan du lese hvordan her.

Denne teksten er først publisert hos tidsskriftet Syn og Segn.

Det er no over tre år sidan syster mi døydde. Ho vart funnen på badegolvet ein aprilkveld i 2019, åleine i husværet sitt, 38 år gamal. Me veit ikkje kva ho gjorde rett før ho døydde, men ho har truleg hatt vondt, som ho ofte hadde. Helsa hadde vore dårleg lenge. Immunforsvar hadde ho knapt. Ho hadde tre–fire ulike rusmiddel i blodet den dagen ho døydde. Kroppen var meir eller mindre øydelagd. Me hadde venta at det skulle gå slik, me visste berre ikkje når.

Eg må dra meg til tastaturet og har ikkje lyst til å skrive dette, omtrent slik eg måtte dra meg til telefonen for å ringje henne då ho levde. Når eg gjer det likevel, er det fordi eg synest eg må. Dette er ord om den vonlause rusbruken, den som berre går til botnars. Eg skriv ikkje for syster mi. For henne er det for seint med ord. Eg skriv for dei som står att, og for å syne dykk andre kva som skjer med familiar med rusbruk.

Eg var storebror

Det skilde tre år på meg og syster mi. Det er såpass lite at me hadde mest same barndomen. Eg var storebror, og eg hugsar ikkje anna enn at barndomen vår var god. Heilt vanleg, liksom.

Alle ruspårørande leitar etter forklaringar på kvifor det gjekk så gale. Me leitar bakover til tidlegaste barndom eller før. Eg òg har leitt, men finn ingen grove feil i barndomen vår. Me hadde same miljøet rundt oss. Ho var ljos og lita, glad i dyr, litt var, snøgg til tårer og glede. Ho var utspekulert i ung alder og kunne lure meg trill rundt. Ho teikna, song og måla godt. Las, dikta og høyrde historier. Ho var i til dels dårleg lag på skulen, men hadde òg gode vener.

Ingenting av dette skulle tyde på den enden ho fekk. Me hadde såpass lik barndom at risikoen vår for å hamne i rusen skulle vore omtrent lik, dersom det var der grunnen låg. Men ho døydde av blandingsmisbruk, medan eg ikkje eingong har røykt. Det er ikkje der grunnen ligg.

Så kvar ligg han då? Truleg summen av fleire små ting. Ho var altså litt var og snøgg til tårer. Kanskje ho tok motgang annleis enn eg. Ho var kanskje litt meir prøvefull og risikosøkjande, særleg frå ungdomsalderen. Og ho var i sterkare opposisjon som ungdom enn det eg var. Dette er ikkje unikt. Det gjeld mange. Alt dette er små ting, og alt kan ha ført til rusen.

Syster mi kom borti rusen allereie på ungdomsskulen. Då var det gjort.

Det hender òg at folk berre har uflaks og nærast snublar inn i misbruket. Det finst berre ingen klår og tydeleg grunn å peike på, ingen fasit med store bokstavar. For ruspårørande kan det vera endå ei bør, det at det ikkje finst nokon sikkert påviseleg grunn til kvifor det gjekk gale. Syster mi kom borti rusen allereie på ungdomsskulen. Då var det gjort. Augo vart svartare dag for dag. Ho stakk av og var gud veit kvar i dagar i strekk.

Utan personleg ansvar

Eg kan ikkje tenkje meg at ho hadde så mykje positivt i livet sitt frå rusen tok over. Ho følte seg ofte underlegen, dårleg, nedvurdert, nedtrødd, mindreverdig. Med tanke på det livet ho fekk, er ikkje det så rart. Ho likte ikkje tanken på at det gjekk nokså bra med meg og dårleg med henne, og ho greidde å få uttrykt indirekte at det på ein eller annan måte var min feil. Det var mellom anna difor eg grua meg i fleire dagar for å ringje henne.

Ho kritiserte familien for at ho ikkje vart rekna med, at meiningane hennar ikkje talde skikkeleg, at ho vart sett ned på, at ho ikkje vart teken på alvor. Det stemmer sikkert, alt saman. Det var vanskeleg å ta henne heilt på alvor som eit vakse menneske, fordi ho så ofte bar seg åt som ein 15-åring.

Kven har ansvaret for rusbruken? I dei fleste samfunn er det vanleg å sjå på rus som ein sjukdom, og rusbrukaren som ein sjuk som treng helsehjelp. Slik er det utan tvil med alkoholisme, og dermed bør det vel vera slik for andre rusmiddel òg. Logisk nok. Det same gjeld alle andre ting menneske blir avhengige av.

Men dei vanskelege spørsmåla tek ikkje slutt med det. Kva med seinare då, når du er langt uti rusbruken? Er då alt personleg ansvar borte, slik at alt berre er sjukdomen sin feil? Kva med kvar gong du såra dine nære og gjorde dei vondt? Kva med kvar vondskapsfulle handling du stod bak, og alle spitord frå din munn? Kva med dei du lokka ut i ulukka ved å vera doplangar sjølv? Du som gjorde heimgarden min til eit dopreir. Kva med dei gongene du lærte aspirantar korleis dei set ei sprøyte?

Når orda er utan meining

Som hjå andre vidarekomne rusbrukarar vart det snart berre ein ting som talde. Alt og alle vart bytte bort mot neste dose. Inga lygn var svart nok. Ingen handlingar var låke nok. Samvit og skamvit, ære, sjølvkjensle, moral, sanning, glede, uskuld, vokster, tru, von og kjærleik.

Alt det vart berre framandord, noko frå ei anna verd. Ikkje berre ofra ho alt sitt eige, men ho stal alle andre sitt òg. Det gjekk ikkje an å koma langt nok ned. Det fanst inga nedre grense for kva ho gjorde for å få meir, eller kva ho gjorde når ho fekk det. Det går ikkje an å fantasere seg fram til kva og kven ho kunne utnytte, kva grenser ho kunne trø over, for å få det ho ville ha. Dopen rådde for alt.

Eg stod nær nok til å sjå kva ho gjorde med nær familie, men hjernen min stretar imot å tenkje meg inn i kor vondt det gjer når heile di omsut, kjærleik og hjelp gjennom heile livet blir lettvint avhenda for endå eit stikk, eit trekk, ei pille, og du får dritkjeft som vekslepengar.

Paradoksalt nok var det ein av dei gode eigenskapane hennar som gjorde det ekstra vondt. Ho var flink med ord, så ho visste presis kvar ho skulle banke. Alt var alle andre sin feil. Vegen til dauden var asfaltert med utakk, lygn og sinne. Ho kunne vera så stygg. Då ho var langt nok komen i rusbruken, var ho på sitt beste berre akkurat til å tola, og det er korkje moro å skrive eller å tenkje på. Det er visst ikkje heilt lov heller, for du blir tuta øyro fulle med at du skal vera glad i familien din uansett. Det er likevel ei grense for kor glad du kan vera i familiemedlemer som gjennom rusbruken sin syg deg turr for hjarteblod og sputtar på deg til takk.

Ei tvitydig sorg

Sorg er arbeid for å få livet til å halde fram. Dei etterlatne etter rus har allereie god trening i å la livet gå vidare uansett situasjon. Altfor god, for det er ikkje eit liv å bli ståande i rusrelatert lort til over halsen. Ingen skulle måtta det. Organisasjonane for pårørande peikar på at du på eit tidspunkt må vurdere å trekkje deg ut. Same kor god vilje du har til å hjelpe son, dotter og sysken, så kan du ikkje berge nokon som ikkje vil bergast.

Samstundes veit pårørande kor vondt båe alternativa gjer. Skal eg bli i dette og kanskje gå til grunne sjølv, eller skal eg koma meg unna, kanskje hjelpe meg sjølv og kanskje la rusbrukaren gå til grunne? Ingen av vala er gode, eller sei moglege.

Nokon går til ein gud for å ha ein plass å leggje av seg vonløysa. Andre har ingen gud å gå til. For oss står berre det beinturre att, og det er at me må laga vår eiga trøyst.

Når eit barn døyr av narkotika, har foreldra sjølve større risiko for å døy enn ved alle andre typar dødsfall. Dei som ikkje døyr, har auka risiko for alvorlege helseplager. Særleg dei to fyrste åra er farlege.

Kanskje kan det å faktisk nemne sorga, å prate om det fæle, vera ein veg til å handtere dødsfall og samanbrot etter rus. Me treng ikkje skam over avkomet sin rusbruk attpå. Me treng hjelp av nokon som kan det, og utan at me treng spørja.

Det går betre med tida. Det går an å smile etter kvart. Det er lov å vera glad, og me treng ikkje ha dårleg samvit for det heller. Me bør og må koma vidare. Me skuldar ikkje den avlidne å syrgje, eller å halde fast i sorga lenger enn me vil. Me skuldar ingen å syrgje på ein bestemt måte. I nokre tilfelle kan dauden koma som ei utfriing. Eg ynskte ikkje at syster mi skulle døy, men eg ynskte sterkt ein slutt på dette.

Sorga etterpå er ikkje rein vare. Ho er blanda med mangt. Sorg over at me ikkje syrgjer meir, sinne mot den som har døydd, og skam over sinnet. Rusbrukaren har allereie døydd i mange år, så mange etterlatne har gråte ferdig og skjemst over at dei ikkje greier gråte meir. Skamma er noko av det som gjer det så vanskeleg å prate om det avbrende landskapet i hjarta, det som treng opprydding og nydyrking.

Overlevande etter narkotikadødsfall treng ikkje skam. Dei treng hjelp.

Denne teksten er først publisert hos tidsskriftet Syn og Segn.