Her bur dei i byen på landet: – Å kunna trekkja seg tilbake set me begge pris på

På Solbakk, svevande mellom fjord og himmel, har Elin Haga og Ketil Barkved bygd huset dei skal bli gamle i.

Huset er bygd for å fanga inn mest mogleg utsikt. Under terrassen skal det lagast eit utekjøkken.

Her bur dei i Ryfylke med ein fot i byen. Elin Haga og Ketil Barkved bur rundt 110 meter over Ryfast-anlegget. Når ein kjem inn i stova deira, får ein ei kjensle av å sveva over sjøen.

Og Solbakk lever opp til namnet sitt. Lyset gneistrar gjennom allrommet. Sjølv om det berre er februar, gir sola alt ein god lunk inne. For at det ikkje skal bli eit drivhus om sommaren, har vindauga innebygd solskjerming. Huset blir elles varma opp av vassboren varme.

Les hele saken med abonnement