Kronikk

Nynorsk er kulturarv og bruksspråk

  • Reidar Sandal

På 200-årsdagen for Ivar Aasen står det viktigaste att: Vi må framleis auke respekten for verdien av nynorsk.

Kronikk
Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning.

Ivar Aasens liv og verk la grunnlaget for at Stortinget i 1885 jamstilte dei to språka som i dag heiter nynorsk og bokmål. Det gjorde Noreg til eit språk— og kulturpolitisk moderne land. Som ein av dei første formelt fleirspråklege statane i verda bør Noreg bli verande ein slik stat for all framtid, men med reell jamstilling. Vi ønskjer at nasjonalspråka nynorsk og bokmål skal bli verande to gjensidig forståelege og samfunnsberande språk for folk i Noreg.

Til 200-årsdagen for Ivar Aasen 5. august legg Nynorsk kultursentrum og Noregs Mållag fram ei erklæring i 21 punkt om nynorskpolitikk for det 21. hundreåret. Så viktig meiner vi det er at Noreg tek vare på den rikdomen det er å leve i eit samfunn med to norske skriftspråk og mange talemål, tre samiske urfolksspråk, fleire historiske minoritetsspråk og mange nye innvandrarspråk.

Ein fordel for bokmålsbrukarar

Den som kan fleire språk, får fleire tankar i hovudet og kan lettare forstå mangfald og variasjon i det norske samfunnet. Gjennom nynorsk held vi oppe presset for talemålsnær skrift og eit språkmedvit som er ein fordel for bokmålsbrukarar i deira møte med aukande press frå engelsk i ikt, underhaldning, næringsliv og vitskap.

Reidar Sandal

Visjonen er nynorsk, sjølvsagt, når som helst og kor som helst. Nynorsk kultursentrum vil eit samfunn der det er sjølvsagt å vere og bli verande nynorskbrukar, og der nynorsk kan brukast i alle situasjonar i skule, arbeidsliv og fritid.I næringslivet bruker jamt fleire bedrifter nynorsk. Kleven på Sunnmøre har lenge bygt skip på nynorsk, Skogstad Sport i Nordfjord sel sportsklede over heile landet på nynorsk, og nynorsk og dialekt blir meir brukt i reklame.

«Noreg» og «Norge» på landslagsdrakta

Idretts-Noreg heng derimot etter. Språkåret 2013 burde vere ei kraftig påminning til Norges Idrettsforbund med alle sine særforbund om at språkleg jamstilling er ein del av samfunnsoppdraget deira. Verdien av språkleg mangfald må vise att på idrettsarenaene. Derfor bør ein skifte på med å bruke nynorsk og bokmål ved større internasjonale idrettsarrangement i Noreg, og begge landsnamna bør brukast på drakter ved deltaking i utlandet.

Kvar gong nokon tek til orde for å utvide bruksområdet for nynorsk, blir det debatt. Tydelegare kan ikkje samanhengen mellom kulturarv og bruksspråk bli. Alle dei politiske partia går i 2013 til val på verdien av nynorsk som ein viktig del av norsk kulturarv. Det er bra! Alle partia burde då også gå til val på å utvide bruksområdet for nynorsk og styrkje nynorsk som bruksspråk i arbeid og fritid. Det gjer dessverre berre nokre av partia.

Kulturarv kan ikkje vedtakast. Den blir skapt gjennom bruk. Den som er for kulturarv, må derfor også vere for bruk. I dag er bokmål og nynorsk blant dei hundre mest robuste språka i verda. Det har ikkje kome av seg sjølv. Som alle andre språk i verda treng nynorsk skriftkultur også i framtida målretta, offentleg støtte og tiltak som gjer språkleg valfridom reell. Retten til å bruke språket var også kongstanken til Ivar Aasen.

Aasen brukte grunnloven

I den nye biografien «Historia om Ivar Aasen» syner Ottar Grepstad at Aasen alt i unge år brukte den nye norske Grunnlova i argumentasjonen sin for at innbyggjarane i Noreg burde skrive norsk, ikkje dansk. Med rette meinte 22 år gamle Ivar Aasen i 1836 at Grunnlova gav nordmenn språklege rettar som ikkje var innfridde. Denne argumentasjonen var ny for si tid, og han gjentok argumenta i mange tiår.

Språk og demokrati må framleis vere to sider av same sak. Å vere språkleg trygg er ein demokratisk styrke og gjer det lettare for allmenta å delta i den offentlege samtalen. Den nynorske grunntanken om kort avstand mellom tale og skrift inneber at språk kan demokratisere samfunn.

Det som var ein ny tanke frå Ivar Aasen i 1836, er enno ikkje sjølvsagt korkje i Noreg eller andre land. Ei spørjeundersøking Nynorsk kultursentrum og Språkåret 2013 har gjennomført, syner at spørsmålet om språkleg jamstilling deler landet i to, og at nesten alle meiner noko om saka. 46 prosent ønskte at nynorsk og bokmål skulle bli verande jamstilte språk i Noreg, og 44 prosent meinte at jamstillinga burde opphevast. Størst var tilslutninga til jamstilling i Oslo og på Vestlandet, minst i Nord-Noreg.

Bokmålslærarar mot jamstilling

Ei spørjeundersøking Språkrådet gjorde blant norsklærarar i 2010, var ganske avslørande. Tre av fire lærarar med bokmålsbakgrunn meinte at nynorsk og bokmål ikkje burde vere jamstilte. Andre pålitelege undersøkingar syner jamvel at mange av dei som ikkje ønskjer eit fleirkulturelt Noreg, heller ikkje ønskjer språkleg jamstilling.

På 200-årsdagen for Ivar Aasen står altså det viktigaste att: Vi må framleis utvide den språklege toleransen, auke respekten for verdien av nynorsk og vise kva alle får att ved å leve i eit fleirspråkleg samfunn.

Noreg har sidan 1885 investert store summar i nynorsk og sidan 1907 endå større summar i bokmål. Det har gitt to robuste skriftkulturar. Dei investeringane ønskjer vi å ta vare på og utvikle vidare. Nynorsk er fleirtalsspråket både for born og vaksne i fleire fylke og regionar. Vi ønskjer ein språkpolitikk som ser lenger enn til det språklege og er ein del av ein samla politikk for å styrkje regionar og distrikt.

Då gir det meining å ha som mål for den offentlege språkpolitikken å få fleire til å bruke nynorsk, og at nynorskbrukarane får like stor valfridom til å bruke sitt språk som bokmålsbrukarar heldigvis har.

Språk og demokrati må framleis vere to sider av same sak. Å vere språkleg trygg er ein demokratisk styrke og gjer det lettare for allmenta å delta i den offentlege samtalen, skriv Reidar Sandal. Foto: Arne Nøst

Les mer om

  1. Kronikk

Relevante artikler

  1. SID
    Publisert:

    Nynorsk er meir representativt for dialektmangfaldet i Noreg

  2. MENINGER
    Publisert:

    Eg er ung nynorskjournalist i 2019. Er eg utryddingstrua?

  3. DEBATT
    Publisert:

    Nynorskfaget må ut

  4. DEBATT
    Publisert:

    Det har aldri vore lettare å vere nynorskbrukar enn i dag – sjølv i sentrale Oslo-media ser vi at nynorsken slepp meir og meir til.

  5. SID
    Publisert:

    Tea Berg (17): Bokmålsbrukarar, lat meg fortelje kor privilegerte de faktisk er!

  6. SID
    Publisert:

    Nok er nok, politikarar. La oss sleppe tvang.