SiD

Å snu kappa etter vinden

  • Elias Eide (19)
    Elias Eide (19)
    Fylkesleder i Sogn og Fjordane Unge Høyre og sivilingeniørstudent

Elias Eide (19), fylkesleder i Sogn og Fjordane Unge Høyre, skriver at kommunene bør få bestemme selv om de vil bygge vindkraft. Foto: Heiko Junge

Vindkraft kjem til å bli ein svært viktig del av den framtidige energimiksen.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

18. november skreiv sentralstyremedlem i Unge Høgre, Ingrid Storebø, i Aftenposten Si ;D at regjeringa fråskriv seg eit viktig ansvar ved å gi kommunane større makt over utbygging av vindkraft.

Det meiner eg er heilt feil. Høgre og Unge Høgres politikk vil alltid vere å sikre meir makt til lokaldemokratiet.

Viktigaste framtidsnæring

Staten har ansvar for å sikre nok energi til heile folket. Men sjølv om Noreg i dag er ein stor produsent av fornybar energi, burde vi i framtida produsere endå meir.

Både for å kunne elektrifisere endå meir av infrastrukturen vår, men også for eksport. Energi er kanskje vår viktigaste framtidsnæring. Det vil generere nye arbeidsplassar som stoppar utsleppa, ikkje utviklinga.

I alle desse spørsmåla skal sjølvsagt lokale styresmakter ha siste ord.

Elias Eide (19) er fylkesleder i Sogn og Fjordane Unge Høyre og sivilingeniørstudent i energi og miljø. Foto: Privat

All utbygging av fornybar energi har nokre negative konsekvensar. I mange høve har vindkraft vist seg å vere svært konfliktfult. Likevel kjem vindkraft til å bli ein svært viktig del av den framtidige energimiksen. Eg har full forståing for at mange kommunar er negative, når dei ikkje føler dei får noko att.

Skal vi sikre større utbygging av fornybar energi, bør staten difor heller gjere det meir attraktivt for kommunane. Samstundes bør utbyggjarane stillast strenge krav til.

Tillit til lokalpolitikarane

Det er ikkje føreslått noko form for juridisk vetorett for kommunane i vindkraftmeldinga, noko som er bra. Staten skal ha moglegheit til å gjere sine eigne val, spesielt når det er snakk om energitryggleik til folket.

Høgre og Unge Høgre vil ha eit sterkt lokaldemokrati. Vi har tillit til lokalpolitikarar, og det må også gjelde i vindkraftsaker.

La oss saman byggje ut meir fornybar energi, skape fleire arbeidsplassar og kutte klimagassutslepp. Ikkje på trass av lokaldemokratiet, men på grunn av det!


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.


Les mer om

  1. Vindkraft
  2. Lokaldemokrati
  3. Energi
  4. Fornybar energi
  5. Utbygging
  6. Sogn og Fjordane
  7. Politikk