SiD

Eg kjem frå Sogn og Fjordane, ikkje «Vestland» | Dordi Boksasp Lerum

  • Dordi Boksasp Lerum (16)
    Senterungdommen

Korleis kan politikarar som sit i Bergen, og kanskje aldri har vore i Luster, bestemma over idrettsanlegga, næringslivet eller kollektivtransporten her, spør Dordi Boksasp Lerum (16), medlem i Senterungdommen. Laurens Hoddenbagh / Shutterstock / NTB scanpix

Si ;D-innlegg: Prosessen med å lage det nye storfylket overkøyrde folket.

Si ;D-innlegg
Dette er et Si ;D-innlegg. Meninger i teksten står for skribentens regning. Innlegg kan sendes hit.

8. juni 2017 vart det endeleg vedteke på Stortinget. Sogn og Fjordane og Hordaland skulle slåast saman.

Fylket mitt, plassen min, identiteten min fekk ein utløpsdato, og frå og med 1. januar 2020 er det ikkje lenger noko som heiter Sogn og Fjordane.

Dordi Boksasp Lerum (16), medlem i Senterungdommen. Privat

Avstanden til makta blir for stor

I Sogn og Fjordane har politikarane alltid vore nære folket. Dei kjennest som ein av oss.

Når det nye hovudsete i region Vestland blir flytta til Bergen, vert både den fysiske og sosiale avstanden større mellom vanlege folk og politikarar.

Korleis kan politikarar som sit i Bergen, og kanskje aldri har vore i Luster, bestemma over for eksempel idrettsanlegga, næringslivet eller kollektivtransportstilbodet der?

Arbeidsplassar flyttast frå Sogn og Fjordane til Hordaland

Det er fleire grunnar til at Sogn og Fjordane ikkje er tent med å slå seg saman med Hordaland.

Det er sett ein overgangsperiode på fem år der det ikkje skal flyttast eller seiast opp statlege arbeidsplassar på grunnlag av regionsreforma. Eg meiner det er naivt å tru at arbeidsplassar ikkje blir flytta til Hordaland etter at overgangsperioden på fem år er over i 2025.

Meiner politikarane at dette gjer Sogn og Fjordane til ein meir attraktiv plass? Medan Sogn og Fjordane over lengre tid har slite med mykje fråflytting, strøymer det på med tilflyttarar til Hordaland.

Folket vart overkøyrd

For meg handlar samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland mykje om identitet. Å slå saman Sogn og Fjordane og Hordaland er som eit giftarmål mellom Noreg og Russland – me misser identitet, pengar, arbeidsplassar, makt og folk.

Prosessen med å lage det nye storfylket har ogso vore kritikkverdig, og folket er blitt totalt overkøyrd. Trass i fleire meiningsmålingar som syner at folket er negative, vil ikkje politikarane ein gong ha ei folkerøysting over det.

Seinast i oktober i år synte ei meiningsmåling utført av Sentio at 65 prosent av befolkninga i Sogn og Fjordane vil halde fram som eige fylke.

Identitet og tilhøyrsle

Det er nytta mange argument både for og mot samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland.

Identitet og tilhøyrsle bør vere eit vesentleg argument i denne debatten. Eg har ikkje noko tilhøyrsel til Hordaland.

Eg kjem frå Sogn og Fjordane, ikkje «region Vestland».


13–21 år? Vil du også skrive til Si ;D? Send ditt innlegg til sid@aftenposten.no. Alle får svar innen tre dager. Dersom du ønsker å være anonym, må du oppgi dette tydelig i mailen. Her kan du lese mer om å sende inn innlegg til oss.


Les mer om

  1. Sogn og Fjordane
  2. Hordaland
  3. Regionreform

Relevante artikler

  1. FOTBALL

    Sogndal-trenaren før møtet med Brann: – Det har vore mykje rot

  2. KULTUR

    Dette er språkfeilene NRK får klager på

  3. SID

    Ta plass, og engasjer deg for saker du brenner for!

  4. SID

    Jente (13): Jeg har ikke råd til å gi dyre gaver til alle i klassen. Hva gjør jeg?

  5. SID

    Kritikken mot FNs migrasjonsavtale er overhodet ikke grunnløs

  6. SID

    Radikal klimapolitikk gjør mange sinte, men jeg kunne ikke sitte og se på